Photo:
Sverre F. Hjørnevik
Vikafjellet
Photo:
Outdoor Norway
Oksen

Vandring på Voss

Fjella i Vossaregionen er eit eldorado for både korte og lange fjellturar. Mange av turane har panoramautsikt mot isbrear, fjordar, fjellrekkjer og innsjøar. Lønahorgi er ein klassikar og på toppen får du utsikt over heile Voss. Det lettaste er å ta gondolen opp og gå herfra. Det er også mange andre fine turar å gå frå Hangurstoppen/Voss Gondol. Om du vil sjå noko spektakulært, men ikkje har så god tid kan me anbefale Bordalsgjelet, eit fleire tusen år gammalt juv, berre 45min frå sentrum. 

Med Voss som utgangspunkt har du mange moglegheiter - alt frå turar på nokre få timar til turar over fleire dagar med overnatting i hytter eller telt.
Er du ikkje kjent i fjella anbefalar me å bli med på guida tur. Kva med ein tur til Breiskrednosi med utsikt over Nærøyfjorden, med Wild Voss?

Vandresesongen på Voss startar som regel i slutten av juni og varar til slutten av oktober - avhengig av snømengdene i fjellet.

Forholda i fjellet kan endra seg raskt, og derfor er det viktig å vera godt nok førebudd. Ikkje legg ut på langtur utan nok erfaring, og vis respekt for vêrmeldinga. Ha med ekstra klede, mat og drikke, og fyrstehjelpsutstyr. Og hugs - det er ingen skam å snu!

 
Pakkeliste til høgfjellet

Gode fjellsko
Vass- og vindtette klede
Lue
Vottar
Ullundertøy + ekstra skift
Solkrem
Solbriller
Gnagsårplaster
Fyrstehjelpsutstyr
Hovudlykt
Ekstra mat og drikke

NB! Hugs at store delar av fjellet er utan mobildekning. Spar på batteriet, eller ha med deg trådlaus ladar.

Turbeskrivingar og kart får du hjå Voss Turistinformasjon!

Hikes with a guide

Would you like to have a local expert with you on a hike? Several companies in Voss offer guided hikes in the mountains. 

<% totalFilter %> filter applicerade
Youtube video image