Fly på Voss!

I ekstremsportbygda kan du fly både ute i det fri og inne i ein vindtunnel. Tandem fallskjermhopp er vegen inn i luftsportmiljøet for mange. Her får du bli med ein erfaren instruktør ut av flyet og ut i fritt fall. Det er ekstra fint å hoppe fallskjerm på Voss då du får hoppa mellom høge snøkledde toppar og grøne dalar. I vindtunnelen til Voss Vind får du verkeleg prøve å meistre flyginga. Grunnpakka på 1,5min x 2, tilsvarar 4 fallskjermhopp, frå 12'000 fot! Her har du også med deg ein dyktig instruktør som viser deg kva du skal gjere. Mange får stor fremgang på den lille tida dei har i vindtunnelen. 

I år kan du også kjøpe fallskjermhopp og vindtunnelen samla og få 10% rabatt! Book flypakka her

Me anbefalar å booke denne opplevinga før du kjem til Voss då begge deler er svært populært og blir raskt fullbooka. 

Book her:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Bli betre kjent med luftsporten på Voss her:

Sjå korleis det er å jobbe på Voss Fallskjermklubb:
Sjå korleis dei jobbar hjå Voss Vind: