Fjelltur til Bakkanosi ved Nærøyfjorden
Turen startar ved den gamle skulen i Jordalen, etter om lag 40 minutt køyring frå Myrkdalen Hotel. I starten fylgjer ein stølsvegen i frodige omgjevnader inn til stølstunet Slettedalen. Stien blir gradvis mindre tydeleg der den tek oss vidare innover dalen på nordsida av elva. Terrenget blir brattare når me passerer ca 1000 meter, og underlaget blir meir ujamt. Etter å ha lagt ruta over 1410-høgda set me kurs austover mot toppen av Bakkanosi. På toppen er det stupbratt ned til fjorden og utsikta i vakkert og vilt fjordlandskap er ubeskriveleg. Returen går tilbake same veg.
Du kan lese meir om Nærøyfjorden her: https://vestnorskfjordlandskap.com/
KRAV TIL DELTAKARAR
- Vandringa går delvis i høgfjellsterreng og vèret kan skifta. Du må vera i relativt god turform og ha både god erfaring i og ha fysikk som tolar å gå i bratt og ulendt terreng. Vandringa er ikkje teknisk krevjande.
- Nedre aldersgrense 12 år
UTSTYR
Alle deltakarar må ha gode sko til vandringa, samt ein sekk med vass- og vindtette klede, mat og drikke. Informasjon om utstyr blir sendt til kvar einskild deltakar.
DAGSPLAN
- Avreise frå Myrkdalen Hotel kl. 7.45
- Ankomst Jordalen kl. 8.30
- Retur frå Jordalen ca kl. 17.00
- Ankomst Myrkdalen Hotel ca kl. 17.45
Dette er eit estimat.
PAKKA INKLUDERER
- Transport Myrkdalen - Jordalen tur/retur
- Guida vandretur til Bakkanosi tur /retur (20 km totalt)
PRIS
Kr 1295,- per person
Nedre aldersgrense: 12 år
GRUPPESTORLEIK
1 - 6 personar