utsikt frå skifergruva på saue

Grottevandring på Voss

På Saue, i Skulestadmoen, ligg det eit nedlagt helleberg. Det er noko mindre kjent enn Hedleberget på Kyte, som har både kultursti og konsertar, men gruva er absolutt verdt eit besøkt likevell. I fjellet der dei henta ut skifer ei gong i tida står det att ei stor grotte, eller ei skifergruve. 

Grotta er ukjent for dei fleste, men no har naboane merka stien slik at fleire kan ta turen hit for sjå den flotte naturattraksjonen. 

Inne i grotta på saue
Inne i den store grotta.

For å finne grotta kjøyrer du frå Voss mot Vinje. Like etter saue camping skal du ta av mot venstre for å parkere. Parker på merka område, som vist i kartet under. Ein må gå ca 50m langs hovudvegen. Følg så Blikbergsvegen eit stykke oppover før du tar av på ein fin og brei traktorveg. Det er også skilta mot "Skrifergruva" på vegen opp, I den andre svingen på traktorvegen starter merking mot grotta. 

Kart over parkering og vegen opp til grotta

skilt til skifergruva
Skilt til Skifergruva

Det er ikkje sti inn til grotta, men ruta er godt merka med kvite plastremser i trea. Du følger denne merkinga heilt fram. Det er eit par fine utsiktspunkt på vegen, så hugs å nyt turen!

på veg til skifergruva på saue
Det er ikkje langt mellom merkingane. 

Det er ganske ulent terreng så denne turen passar nok ikkje for dei aller minste eller eldste. 

kronglete veg på veg til grotta

Grotta er stor og spektakulær. Ein må trø forsiktig, steinane på bakken kan vera lause og glatte. Det er spennande å sjå historia etter mange arbeidstimar i fjellet og dette er verkeleg noko ein ikkje ser kvar dag. 

Ein spennande tur for både store og små. NB! Vær varsom, ein utforskar grotta på eige ansvar. 

utsikt frå inne i skifergruva på saue

 

NB! Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer og søppel. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.