Foto:
Ådne Dyrnesli
konsert under vossa jazz
utsikt mot voss om hausten
familie på tur om hausten i skodde

Haustferie på Vestlandet og Voss

Hausten byr på mange flotte eventyr. Fargespelet i naturen gjer turar i skog og fjell ekstra magisk, sjølv på ein regnfull dag. Det er også høgsesong for konsertar og arrangement i bygda. Her får du ei oversikt slik at du kan planlegge ditt hausteventyr.

Dei fleste bedriftene som tilbyr aktivitetar på Voss har ope langt utpå hausten, du kan for eksempel oppleve rafting, guida fjellturar og klatring. Det er som regel meir vatnet i elvene om hausten enn om sommaren noko som betyr ekstra mykje moro for vannsporten. I tillegg er Voss Vind, Voss Bowling og Vossabadet open året rundt – like kjekt for venner som familiar. 

Les meir om våre topp 3 innandørsaktiviteter her

Tur i fjellet

Fjellturar er svært populært om hausten, det er mildare temperaturar å gå i enn om sommaren og fantastiske fargar i terrenget. Enten du berre går for turen sin del eller vil jakte molter i høgfjellet finn du definitivt roen på nokon av desse turane i haust:  

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Restaurant og matopplevingar 

Hausten er eit perfekt tidspunkt for matreiser og kulinariske opplevingar. På Voss er det mange restaurantar som satsar på lokal og kortreist mat og om hausten er det mange gode råvarer i sesong. Spør betjeninga kva dei anbefaler og kanskje får du ei god historie inntil maten også. Sjå også etter lokal drikke på menyane eller bla deg igjennom verdas beste vinkart hjå Park Hotel Vossevangen. 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Besøk også ein lokal gardsbutikk og kjøpe med deg ein smakfull suvenir heim att. 

Aktivitetar

Sjå Voss frå eit nytt perspektiv i haust! Legg ein aktivitet inn i programmet og la nokon andre ta seg av organiseringa. Desse aktivitetane får hjarte til å pumpe og vekker eventyrlysta i både store om små. Perfekt for t.d. firmatur der teambuilding er i fokus. 
 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Arrangement

Mange reiser på storbyferie om hausten, men me anbefaler ein tur til storbygda Voss! Her får du både oppleve skogens ro, men også kunst, kultur og konsertar. Osafestivalen byr på eit møte mellom tradisjon og moderne kultur, under Smalahovesleppet kan du få nye matopplevingar og dra på moteshow. I Myrkdalen blir det yogahelg og Skydive Voss har eigen filmfestival. Her er det berre å velje ei oppleving som freistar:
 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Sjå alle attraksjonar på Voss her, som grottevandring og gatekunst i sentrum.

Overnatting

Vil du unne deg litt luksus og ferdiglaga frukost anbefaler me å overnatte på hotell. Ynskjer du heilt rolege omgivnadar med pledd i sofaen, fyr i peisen og noko varmt i koppen kan du leige ei heilt eige hytte. Det er mange gode tilbod på overnatting om hausten. 
 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Slik kjem du deg til Voss frå dei ulike delane av landet: 

Reise frå Oslo til Voss
Tog: Circa 5 timar og 30 minutt
Bil: Circa 5 timar og 30 minutt.
Buss: Circa 8 timar og 45 minutt (med bussbytte)

Reise frå Bergen til Voss
Tog: Circa 1 time
Bil: Ca 1 time og 30 minutt
Buss: Ca 1 time og 30 minutt

Reise frå Stavanger - Voss
Bil: Circa 5 timar
Buss via Bergen: Circa 8 timar

Reise frå Haugesund - Voss:
Bil: Circa 3 timar og 30 minutt
Buss og tog via Bergen: Circa 5 timar

Reise frå Kristiansand til Voss: 
Tog via Oslo: Circa 14 timer
Bil: Circa 8 timar