CBIS 6671506
CBIS 6671481
CBIS 6671508
CBIS 6671509
Vis hele bildet
Skulestadmo

Klatreoppleving på Staup - Wild Voss

Klatring på ein solvarm klippe er herleg! Ved vakre Staup, nokre kilometer utanfor Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på passelege klatreutfordringar for dei fleste. Med riktig utstyr og kompetent vegleiar frå Wild Voss får du høve til å prøve klatring og rappell.

Sesong
Klatreturar arrangerast i perioden 20.mai til 25.oktober.

Kvifor bli med på klatring?
Klatring gir høve til å føle glede og meistring i bratt terreng. Kjensla av høgde kombinert med den fysiske og mentale utfordringa krevjer at ein er konsentrert og løysingsorientert. Klatring er difor ein glimrande måte å tømme hovudet for alt anna - og berre vere til stades i si eiga klatring.

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)
Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår.

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

- Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.
- Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.
- Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.
- Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.
- Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.
- Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet.

Krav til deltakarar
Du treng ikkje å ha klatra før. Denne turen passar for begynnarar, familiar, unge og eldre, spreke eller utrente. Vi legg opp dagen i samsvar med dine føresetnader og ynskjer. Born må ha fylt 7 år for å vere med på klatring.

Naudsynt utstyr
Wild Voss stiller med alt naudsynt sikkerheitsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, tau og sko). Du må sjølv stille med gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs drikke og noko tursnacks. Solkrem og solbriller kan vere lurt når veret er godt.


Praktiske detaljar
Møt opp på Tre Brør Kafé (Google Maps) kl 9.30. Der hilser vi på kvarandre og tek ein rask gjennomgang av bekledning og utstyr. Vi køyrer til Staup om lag 10 minutt utanfor Voss. Det er og mogeleg å ta buss.

Det er høve til å møte opp direkte ved klatreklippene på Staup (Google maps). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen!

Vi har inga definert tidsramme på sjølve klatringa, da dette heng saman med gruppestorleiken. Vi er tilbake på Voss innan kl 16.00.

Prisar og vilkår
Klatreopplevinga kostar kr 1790,- per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 990 per person. Minste gruppestorleik er 2 personar.

Vi har eigne prisar for grupper med 4 eller fleire deltakarar. Ta gjerne kontakt for eit tilbod tilpassa di gruppe.

Inkludert i prisen:
- Klatring med kompetent vegleiar.
- Vandretur og/eller omvisning på Staupstunet (valfritt).
- Eit lett lunsjmåltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Alt naudsynt klatreutstyr.

Tilgang til å låne ekstra klede kostnadsfritt ved behov.

Ikkje inkludert i prisen:
- Transport frå Voss til klatreklippene.
- Tog eller annan reisemåte til Voss.​

Ved å reservere plass på denne turen aksepterer du Wild Voss sine Kjøps- og avtalevilkjår

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 01 August 09:30
  • 02 August 09:30
  • 03 August 09:30
  • 04 August 09:30
  • 05 August 09:30
  • 06 August 09:30
  • 07 August 09:30
  • 08 August 09:30

Map