Ei perfekt langhelg på Voss og i Hardanger

Høge toppar, smale fjordar og kulinariske høgdepunkt i spektakulær natur. Hardanger og Voss byr på noko av det råaste vestlandet og Noreg har å by på. Her er våre 3 tips til ei langweekend i vår region.

snowboarder i vinterlandskap i myrkdalen  snowboarder i vinterlandskap i myrkdalen  trolltunga om vinteren  
Topptur og skibakken. Foto: Karoline Fosse. | Topptur. Foto: Visit Hardanger

Enkelte trur at Hardanger og Voss er same plass, og me kan ikkje klandra dei. I tillegg til at dei populære reisemåla grensar til kvarandre, har dei begge natur og opplevingar få andre regionar kan skilta med. Stadig fleire nordmenn trykkjer Voss og Hardanger til sitt bryst. Kanskje ikkje så rart når ein tenkjer på alt det ulike ein kan oppleva. Voss med ekstremsport, skiforhold og gondol -  Hardanger med sider, Trolltunga og fjorden. Dette gjev reiselystne nordmenn eit framifrå utgangspunkt til å oppleva to unike regionar på ein enkel, praktisk og ikkje minst minnerik måte.

Og for å gjera det endå enklare for deg, har me sett saman tre konkrete forslag til langhelger og/eller lengre opphald i hjarta av Fjord-Noreg. 

TIPS NR. 1 

Torsdag: Sjekk inn og slapp av hjå Hardanger Panorama Lodge – ei tretopphytte utanom det vanlege i Ulvik. Utsikta til fruktbygda og Hardangerfjorden er verdt opphaldet i seg sjølv.
 
Fredag: I Ulvik finn du den einaste frukt- og siderruta i Noreg. Gå mellom tre ulike fruktgardar og smak på Sider frå Hardanger og andre edle dråpar frå regionen.
Når det nærmar seg middagstid, vil me anbefala å ta turen til Brakanes Hotel. Dei kan skilta med ein rik og god meny med lokale råvarer i fokus.
 
Laurdag: Langrenn, alpint, fjellski eller topptur? Kva er di greie? Uansett kva du likar best, finn du skianlegg og skiterreng å boltra deg i på Voss. Kanskje ein tur i Voss Resort eller Myrkdalen, begge blant Noregs største alpinanlegg? Eller har du prøvd langrennsløypene i Voss ski- og tursenter, kor NM i langrenn gjekk av stabelen for nokre år sidan?
Sjekk inn på Park Hotel Vossevangen eller Scandic Hotel, begge midt i sentrum. Nyt ein betre middag, omvisning i vinkjellaren eller kanskje ei vinsmaking på Park Hotel. 

Sundag: Alle kan fly! Før heimreise rekk du å få med deg ei oppleving til. På Voss har dei Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel, og her kan alle fly! Avslutt helga med ei luftig oppleving, som gjev deg same kjensla som eit fallskjermhopp

gruppe på omvisning i vinkjelleren til park

Visste du at Park Hotel Vossevangen har ein av verdas beste og største vinkjellarar? Foto: Karoline Fosse

TIPS NR. 2

Torsdag: Eventyret byrjar på Park Hotel Vossevangen eller Scandic Hotel, begge midt i sentrum. Meld deg på omvising i vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen, og nyt ein betre middag etterpå akkompagnert av god drikke frå skattekammeret til hotellet? 
 
Fredag: Sjekk inn og pust ut på Hotel Ullensvang. Nyt roen i Sørfjorden frå det flotte spa- og velvære-anlegget med både innan- og utandørsbasseng. Køyr langs Nasjonal Turistveg Hardanger og opplev kontrastane i naturen på tett hald. Langs ruta køyrer du forbi den eine naturperla etter den andre. Eit godt tips er å ta turen innom alle sidergardane langs vegen! Det kjem du ikkje til å angra på.
 
Laurdag: Unngå køane, ta på deg trugene og bli med på eit vintereventyr til Trolltunga med guide. Landskapet kan vera svært annleis på vinterstid, men profesjonelle guidar frå Trolltunga Active syrgjer for at turen er heilt trygg. Trolltunga er spektakulær heile året, men fjellformasjonen i vinterfargar er noko for seg sjølv. 

Dame i utebassenget på hotel ullensvang. infinity pool som går ut i fjorden
Hotel Ullensvang i Lofthus. Foto: Visit Hardanger

TIPS NR. 3

Torsdag: Sjekk inn på Store Ringheim, eit sjarmerande boutique gardshotell. Ta ein roleg kveld på hotellet, eller kanskje utforsk ekte vossakultur med eit besøk og middag på Smalahovetunet?
 
Fredag: Unn deg ei unik oppleving. Bli med til Eldhuset på Dale. Ei eldhusoppleving er ein liten pause frå verda utanfor dei gamle veggene.
Eldhusopplevinga er ein kortversjon av eldhusbrygging. Her får du oppleva ei av dei sentrale delane i brygging av tradisjonsøl. Verten Kjetil fortel om brygging av gardsøl og historia til eldhusene, og om kva han gjer videre i bryggeprosessen.
Det vert lukting og smaking av einer-uttrekket. Smaking av brygg laga med kveik og enkel servering av lokal spekemat. 
På ettermiddag/ kveld anbefalar me Voss Gondol opp til Voss si nye storstove Hangurstoppen restaurant. Nyt ein betre middag med strålande utsyn over Vossabygda.
 
Laurdag: Rett over fjellet frå Voss, ligg den trongaste og smalaste fjordarmen i heile Hardanger. Botnen og Fyksesundet er noko for seg sjølv med stupbratte fjellsider, spektakulære fossar og skjulte perler kun tilgjengeleg med båt. Ta del i denne makelause opplevinga på ein guida RIB-tur med Hardangerfjord Adventure. Eit godt tips er å fotoapparatet lett tilgjengeleg!
 
Turen har avreise frå Hardangerfjord Hotel i Øystese, som kan skilta med blant dei største, om ikkje den største, sidersamlinga i heile regionen. Hotellet har eit stort fokus på kortreist mat og lokale delikatesser. Det skadar heller ikkje at det flunkande nye Hardangerbadet, med utsikt til ruvande fjell, fjorden og Folgefonna, ligg vegg-i-vegg. Det same kan seiast om Spildegarden, som i tillegg til sider og eplemost, serverer matrettar som verkeleg pirrar kjenslene til den mat- og drikkeinteresserte.
Hotellet er eit perfekt utgangspunkt for å oppleva Hardanger og Voss på sitt beste – både for spreke høgpulsaktivitetar og for dei som søkjer fred, ro og god atmosfære.
 

voss gondol i vinterlandskap
Voss Gondol. Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

 

Les meir om