Langrenn og fjellski
Her er ein oversikt over dei finaste langrennsløypene på Voss, for tur og trening. På Voss kan du gå på langrenn mellom snøkledde trær eller oppe i høgden med fantastisk utsikt.
Med så mange gode langrennsløyper er det ikkje overraskande at det er så mange gode skiløpere frå Voss.
Både Sjur Røthe og Kristen Skjeldal har brukt mange timar i løypene rundtom i bygda.
Nederst finn du kart over løypene på Voss og når dei er trakka.
Voss Ski og Tursenter
For å komme til Voss ski- og tursenter køyrer du enten frå Palmafossen og følger skilta mot anlegget. Du køyrer då Skutlesvegen oppover til du kjem til parkeringa om lag 5-6km frå Palmafossen. Ein kan også køyre opp frå Bordalen, køyrer då utover mot Bordalen til du ser skilt mot anlegget.
I området rundt Voss ski- og tursenter har du mange moglegheiter. På stadionområdet kan ein gå kortare rundar i det som er rulleskiløypa om sommaren. Her er også lysløype om kvelden. Det er to 5 km løyper som er fine for dei som vil ha ein litt lengre runde. Ein kan følge løypa i nordleg retning mot Nonshaugane eller sørleg retning mot Djupåsen.
Det går òg ein lengre runde rundt Sonvesåsen. Denne runden kan startast frå stadion eller frå parkeringa ved Oldesåsen. Du følger då bilvegen forbi Voss ski- og tursenter (om du kjem frå Palmafossen). Ta til høgre opp ein liten bakke, når du kjem til eit T-kryss. Her ligg parkeringsplassen.
I Herresåsen ligg ei fin turløype som blir kalla «Juvelen». Følg bilvegen forbi stadion mot Bordalsvegen. Ta til venstre i T-krysset, og ta så til venste igjen mot Herresvegen. Parker på Herresleitet. Dette er fint startpunkt for lange og korte skiturer. Frå Herresleitet kan du gå «lille-Juvelen» som er ein runde på om lag 4km, eller «store-Juvelen» som er om lag 8km. Juvelen kan også gåast som ein lang tur på om lag 12km frå stadion
Det er også fint å gå på fjellski mot Grønahorgi frå dette området. Følg då skiløypa som går gjennom Juvelen og oppover mot Otlebogane. Det er ofte sjølvtråkka skispor frå andre skigåarar som du kan følgje. Frå Otlebogane følgjer du vegen oppover mot Grønahorgi. Her er det av og til preparert skispor opp til stølane, og vidare derfrå er det ofte fine, sjølvtråkka skispor som kan følgjast.
Hangurstoppen, Voss Resort
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media
For å komme til Hangurstoppen er det enklast å ta gondolen opp. Her kan du velje mellom korte og lange turer i lett terreng. Voss Resort har 18 km preparerte langrennsløyper i småkupert og familievennleg terreng.
For ein lengre tur kan ein starte med å gå opp frå parkeringa på Raugstad eller i Bavallen. Dette er ei skikkelig motbakkeøkt for dei mest ivrige skiløparane.
Om du parkerar i Bavallen kan du også ta opp til starten av løypenettet.
Sjå større løypekart og meir info her.
Årmotslia, Myrkdalen
Foto: Sverre F. Hjørnevik
For å komme til Årmotslia køyrer du til Myrkdalen. Du kan parkera ved Helgatun fjellpensjonat. Derifrå går du over skibrua som kryssar bilvegen, og følgjer preparerte løyper over brua som kryssar elva. Herifrå kan du gå ulike rundar i lysløypa, der den lengste er 5km. I mange tiår har den 5 kilometer lange rundløypa vore som ein andre heim for Myrkdølene på vinteren. Løypa er også oppløyst om kvelden.
I Myrkdalen er det til saman ca 30 km med langrennsløyper. Langrennsløypene er trakka for både skøyting og klassisk langrenn, men kan òg brukast som turløyper med fjellski. Frå lysløypa kan du følgje ei løype som går oppover mot fjellet. Då får ein meir stigning - og meir utsikt.
Les meir om langrenn og fjellski i Myrkdalen her.
Mjølfjell
For å komma til Mjølfjell kan du ta tog eller køyre bil. Tar du tog til Mjølfjell, Ljosanbotn eller Upsete stasjon kan du gå nesten rett ut i skiløypa. Køyrerbeskrivelse: Køyr til Palmafossen og ta av mot Mjølfjell. Du kan parkere på Kårdal pensjonat eller ved Mjølfjell ungdomsherberge (MUH) ved vegens ende. Parkeringsavgifta kan du betale med Vipps.
Frå Kårdal kjem ein ut omlag midt i hovudløypa. Løypa er vel 6 kilometer lang og går frå brua ved Rjoandfossen til MUH. Det blir preparert med klassiske spor heile sesongen og for skøyting når forholda tillèt det.
Frå MUH til Upsete stasjon blir det preparert klassiske spor, frå tidleg i sesongen. Løypa er ca. 6 kilometer lang og startar med lett stigning opp mot Langavatn, før den flatar ut langs vatnet. Løypa er òg fin for barn, ein kan t.d. ta tog til Upsete å gå slakt nedover mot Mjølfjell igjen.
I feriane blir det også preparert løype frå Ljosanbotn til skikjelken i Ljosandalen.
Oppdatert løypeinformasjon finst på Facebook sidan Mjølfjell Skilags infoside; Mjølfjell Skilag infoside | Facebook.
Hamlagrø
For å komme til Hamlagrø køyrer du til Bulken i enden av Vangsvatnet, mot Bergen. Der tek du av mot Dalavegen og følger denne vegen mot Hamlagrøvatnet. Halvvegs langs Hamlagrøvatnet kjem du til ein parkering på venstresida av vegen. Her kan du parkere, før du tek med skia og kryssar vegen slik at du kan gå på ski på høgresida av vegen. Her følger du preparerte løyper forbi hyttefeltet på Hamlagrø. I starten er det litt stigning, men litt lengre oppe er det lettare terreng og fleire fine stader for ein fin lunsjpause.
For dei som vil gå ein lengre tur, hender det at løypene vært preparerte oppover mot Mykkeltveitveten. Du kan også følgje sjølvtråkka skispor med turski oppover her. Dersom det er mykje skare er det også mogleg å skøyte utanfor dei preparerte løypene, men det kan vera krevande å køyre ned att på skøyteski på skaren, så det vil vera for dei mest erfarne.
Haugsåsen
Foto: Karoline Fosse
For å koma til Haugeåsen i Granvin kan ein på GPS skrive inn Strindeskleivvegen. Køyr denne vegen helt til enden, her kjem du til ein stor parkeringsplass. Frå Voss køyrer du i retning Granvin. Ta av på Espelandvegen rett etter tunnelen før Granvinvatnet. Følg vegen helit til du ser eit "Skitrekk" skilt - og følg den same vegen videre.
Det er trakka løyper frå parkeringsplassen. Løypene varierer etter snøforholda, men det er som regel både ei runde på 2km og ei på 6km. For dei som er interessert i ein lengre tur kan ein ta første til venstre ved start og komme til Vatnasetvatnet.
Følg gjerne "Granvin-IL skigruppen" på facebook for jamnlege oppdateringar på korleis løypene ser ut.
Langrennsløyper
Oversikt over preparerte løyper på Voss:
Oversikt over løyper i Myrkdalen: