Utsikt over Voss

Den store Vossaguiden

Voss er aktivitetsbygda framfor nokon. Over mange år har reiselivsaktørane jobba målretta for å kunne tilby gjester eit utval aktivitetar og opplevingar. Voss er kjent av mange grunnar og vert gjerne hugsa som vinterdestinasjonen, medaljebygda og ekstremsportsbygda, for vår vakre natur og unike kultur og til sist, men ikkje minst, vår skikkeleg gode og tradisjonsrike lokalmat.

Visit Voss er ein reiselivsdestinasjon som legg stor vekt på eit berekraftig reiseliv. Saman med reiselivet på Voss jobbar Visit Voss målretta med berekraft i alle ledd. Les meir om prosjektet her. 

Kom og prøv våre mange opplevingar!

 

utsikt mot lønahorgi

Voss gondol

familierafting med voss active

Korleis reise til Voss og på Voss?

Det går tog til Voss både frå Bergen og Oslo. Det er også mogeleg å kome seg hit med buss eller eigen bil. 
Voss stasjon er navet for kollektivtrafikk i bygda. Her kan du leige el-sykkel frå VossaBike, lokale bussruter har utgangspunkt ved togstasjonen, her finn du også Voss Gondol som tek deg opp til over 800 m.o.h. på nokre få minutt, og på gatenivå finn du Voss Turistinformasjon.

Tog til Voss kan du finner her

Buss på Voss og i Vestland finn du her

Reiseplanlegger for buss her

Meir praktisk info om ruteval, parkering og ladepunkt finn du her

Mat og drikke

Matkultur står sterkt på Voss og bygda vår er kjent for nettopp dette. Ei reise til Voss byr på unike kulinariske opplevingar. Det mykje omtala pålegge Vossafår og delikatessa smalahove er berre er to av mange gode matopplevingar. Dei fleste restaurantane brukar lokale råvarer og kortreist mat når dei serverer heimelaga og tradisjonsrike rettar. Vangen Cafè og Flor'n på Store Ringheim er blant dei som nytter lokale råvarer og leverandørar.

Sjå utvalet av restaurantar i Voss sentrum og Myrkdalen her

Voss har også lange tradisjonar innan ølbrygging, noko som framleis vert halde i hevd. Det er spesielt den verdskjente Kveik som er ein gjær, med svært lange tradisjonar på Voss. Denne vert brukt den dag i dag, både på mikrobryggeri og meir tradisjonelt gardsbryggeri. Dei fleste som har serveringsløyve har eit godt utval av lokal drikke og hjelper deg gjerne med å finne noko godt. Vil du komme i prat med ein Vossing er det berre å spørje i baren kva øl som er det beste. Fleire av bryggeria tar imot besøk, til dømes Voss Bryggeri og Voss Fellesbryggeri.

Kultur

Voss har ei rik kulturhistorie - og den er heldigvis godt ivareteken.

Finnesloftet får du oppleva ein gildesal frå middelalderen - år 1295! Vangskyrkja frå år 1277 er også å verdt eit besøk.

På Voss folkemuseum på Mølstertunet står det eit klyngetun akkurat slik det gjorde då folk budde her og dreiv gardsbruk for fleire hundre år sidan. Eit fantastisk innblikk i historia vår!

Hedleberget er eit skiferbrot på Kyte, fylt med historie i spektakulære omgjevnader. Her er det konsertar, omvisning og ein nydeleg kultursti.

Nesheimstunet ligg med flott utsikt over Lønavatnet. Garden har alltid vore einbølt – han var ikkje delt mellom fleire brukarar, slik vanen var på Voss. I vikingtida var det truleg eit høvdingsete her.

Les meir våre unike attraksjonar her

Idrettshistorie, Voss har i skrivande stund 98 OL og VM medaljar. Dette vitnar om ei rik idretts- og skihistorie, som strekkjer seg attende til Jon Istad sine fyrste medaljar i skiskyting på byrjinga av 19-60- talet til Sjur Røthe sitt VM gull i 30 km med skibyte i 2019.
 

finneslofteFinneslofte

Fossar og gjel

Om du vil koma tett på naturkreftene anbefaler me å besøkja nokre av fossane som omringar Voss - som Tvindefossen eller Skjervsfossen. Bordalsgjelet er også ein flott naturattraksjon som ligg i gåavstand frå sentrum. Der får du sjå korleis isen har forma landskapet gjennom tusenvis av år. Ein tur ned Stalheimskleiva på sommaren er også eit must (ikkje ope for biltrafikk i 2021). 
 

Tvindefossen på Voss
Tvindefossen

Vandring

Fjella i Vossaregionen er eit eldorado for både korte og lange fjellturar, og mange av turane har panoramautsikt mot isbrear, fjordar, fjellrekkjer og innsjøar. Sjå våre tips til fem fine fjellturar her. Med Voss som utgangspunkt har du mange moglegheiter - alt frå turar på nokre få timar til turar over fleire dagar med overnatting i hytter eller telt.

Ynskjer du ein meir krevande tur kan du gå Breiskrednosi – Rimstigen. På toppen vert du lønna med ei spektakulær utsikt over Nærøyfjorden. Turen går stort sett i høgfjellsterreng og er 16-17km lang. Her kan det vera lurt å ha med seg guide. Fleire aktørar tilbyr guida turar på Voss. Av andre spektakulere turmål med fjordutsikt i vårt område kan me nemna, Oksen, Kiellandbu og Karaldenuten.

Vandresesongen på Voss startar som regel i slutten av juni og varar til slutten av oktober - avhengig av snømengdene i fjellet.

Vossafjella er sårbar og me ber om at alle som ferdast her tar ekstra omsyn til naturen og dyra som bur her. Vi har laga nokre enkle bod kalla Vossavet, som vi håper alle vil følgje. Sjå Vossavet her og fleire turtips finn du her.

Utsikt mot hardangerfjorden, frå Oksen

Voss Gondol

Eit perfekt utgangspunkt for alle som vil oppleva naturen på Voss enten du har med born, eldre eller er ekstremt aktive er Voss Gondol. Gondolen er den største og mest moderne gondolbana i Nord-Europa. Bana startar på Voss Stasjon (56 moh) og ender på Hangurstoppen (820 moh). Gondolbana går kontinuerleg gjennom heile dagen og heile året. På turen har du spektakulær utsikt over Vossabygda, samt panoramautsikt over vatn og fjell som omkransar Voss.

Hangurstoppen er perfekt startpunkt for fjellturen, ein liten runde med barnevogna rundt panoramaløypa, MTB turen ned fjellet, tandem paragliding eller langrenn og slalåm om vinteren. Grebbesløypa er ein flott rundtur for borna, på ca 3 km i småkupert fjellterreng på Hangurstoppen. På Hangurstoppen finn du også Voss sin største restaurant, som har stort fokus på heimelaga, lokal og kortreist mat.
 

Ulike aktivitetar

Om du jaktar tips til ein innhaldsrik sommarferie, gjerne med fart og spenning, er Voss staden å leggje turen til. Bygda som er kjent for Ekstremsportveko kan dette med å utnytte elementa maksimalt for å skape gode opplevingar. Om vinteren er bygda eit eldorado for langrenn, toppturar både med randonée og fjellski og me har heile to skisenter – Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby. Er du så heldig å få oppleve skikkelig vestlandsvêr med sidelengs regn kan vi anbefale ein tur i Vossabadet. Her kan du bade i tre ulike basseng, sjekke kven som er raskast i sklia eller bli god og varm i badstua. Med tilknytting til to fjordar, krystallklare elver og mange vatn har Voss mange fine badeplassar for både store og små. Sjekk ut vår store badeguide her

 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Vel deg eit vossaeventyr og du vil neppe angre. I denne Vestlandskommunen ligg alt til rette for ein aktiv Noregsferie - både til lands og til vanns, og i lufta med.

Sjå meir av Voss om sommaren her
Sjå meir av Voss om vinteren her

 

Familie ser på paraglider ved Voss Gondol
Foto: Hunnalvatn Media

Voss Vind
Foto: Andreas Roksvåg

Mtb sykling med outdoor norway i solnedgangen

Luftsport

For å få best utsikt over den vakre naturen kring Voss, er det verdt å ta ein tur opp i høgda, og her manglar det ikkje på moglegheiter. Dei ekstra vågale kan anten paraglide frå Hanguren, eller hoppe i tandem-fallskjerm og oppleve 40 sekunds fritt fall i 200 km i timen. Ein kan både fly og hoppe saman med ein erfaren person, dette vert kalla tandem.  

Gløym heller ikkje Voss Vind, der du kan fly som Supermann i Noreg sin første vertikale vindtunnel. Få kjensla av eit fallskjermhopp i heilt trygge omgjevnader. Vil du berre litt opp frå bakkenivå er den populære klatre- og ziplineparken til Voss Active eit godt alternativ. Her finn du varierte løyper som er morosame og utfordrande for born så vel som vaksne. Vil du teste zipline, så er den lengste ziplinen 150 m og føl elvestyrka nedover!
 

Fallskjermhopp med fjordutsikt

Vann- og elvesport

Utvalet av vassaktivitetar  på Voss er breitt. Voss er omkransa av krystallklare elvar og idylliske vatn, ikkje minst Vangsvatnet som strekker seg heilt frå Bulken til Voss sentrum. Du kan prøve alt frå aktivitetar som rafting, familierafting, elvekajakk, havkajakk, SUP, vandring i juv, rappellere i foss, eller fisketur med kanopadling. Rafting er kanskje den mest populære sommaraktiviteten på Voss, og passar både erfarne og nybyrjarar. Her får du garantert ei fantastisk oppleving i internasjonal klasse!

Det er òg mogleg å ta ulike kurs i t.d. havkajakk eller elvepadling.
 

Rafting på Voss med fjellutsikt

Sykling på Voss

Med utgangspunkt i Voss sentrum får du tilgang til ei rekkje varierte og lett tilgjengelege sykkelruter for tursykling og landevegssykling. Du kan sykla frå fjell til fjord i spektakulær natur, lengre landevegsetappar der ein får idylliske vatn og flotte fossar, eller kortare og familievenlege turar. På turistinformasjonen i Voss Gondol kan du leiga sykkel, kjøpa kart, og få tips om dei beste sykkelturane. Du kan også kombinere Bike&Hike ved Nærøyfjorden og få ei heilt magisk oppleving. 

Les meir om sykling på Voss her. 

Voss har også mange stiar og grusvegar som egnar seg godt for stisykling. Tilrettelegginga for stisykling i bygda er under stadig utvikling, og både Myrkdalen Fjellandsby og Voss Resort satsar no stort på dette. Ta med deg sykkelen opp i Voss Gondol for å utforska stiane på Hangurstoppen, eller bli med på ein guida tur der du får sjå dei skjulte perlene i bygda!

Like ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack i asfalt. Pumptrack er ein kompakt bane som består av ulike formasjonar, kular og svingar. I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. Kjekt for både store og små!
 

Pumptrack hjå Norway's best, Myrkdalen.

Festivalbygda Voss

På Voss vert det årleg arrangert fleire store festivalar og arrangement.

Vossa Jazz er ein av dei eldste jazz festivalane i Noreg og går alltid av stabelen i palmehelga.
Voss Cup er Norge si største barnefotballturneringa og vert arrangert i juni. 
Ekstremsportveko startar helga etter Voss Cup med elleville sportsarrangement og musikkfestival.
Osafestivalen er ein folkemusikkfestival med lange tradisjonar som vert arrangert i oktober.

I tillegg er det mange andre arrangement på Voss.

Sjekk gjerne ut kulturkalendaren til Voss Kulturråd her
 

Overnatting

Dei tre store hotella Scandic Voss, Fleischers Hotel og Park Hotel Vossevangen ligg i sentrum med kort avstand frå buss- og togstasjonen. Det er også eit stort hotell og mange hytter i Myrkdalen Fjellandsby, på veg mot Vikafjellet. Her får du ski inn - ski ut om vinteren og eit perfekt startpunkt for ulike vandreturar, sykkelstiar og fiskevatn om sommaren. 

Det er også fleire unike overnattingsplassar både i og utanfor sentrum. Store Ringheim er t.d. eit lite boutiquehotell med 15 unike rom. Hjå Voss Resort kan du leige moderne sjølvhushaldhytter eller hengekøye glamping under tak, på gamle Hangurstoppen restaurant. Vil du prioritere opplevingane kan du bu sosialt og komfortabelt hjå Voss Vandrarheim berre 800 m frå sentrum eller hjå Haugo utleige 1,5 km frå Voss sentrum.

Utanfor sentrumskjerna finn du overnattingsstader som Voss Lodge Rongastovo, Eenstunet, Staupstunet, Rongahuset BnB, Lilandtunet Gjestgiveri, Sivle Gard, Fennebu og Mjølfjell Ungdomsherberge.

Camping; i sentrum ligg Voss Camping, ved golfbanen er det bubilparkering, 12 km frå sentrum mot Hardanger ligg Flatandsmo Camping og i Myrkdalen finn du Myrkdalen Camping.

Sjå fleire overnattingar her
 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Følg Visit Voss på Instagram:

Sommar i hagestova 😍❤️ Hjå @storeringheimhotell kan du ete lokal og kortreist mat i unike omgivelser. Rein idyll ✨ Foto 1 og 3: @journeys.no #natur #unikesteder #fjordsecrets #hiddengems #hageinspirasjon #hageglede #voss #visitvoss #unike #lokalmat #lokalhandel #kortreist #norging #norgesferie #dreamnowvisitlater #mittnorge #mitteventyrland #interiør #fjordnorway #visitnorway #norge
Our instagram
Sol, snø og ski på veg til Kaldafjellet ❄️✨ Foto: @mauritzbs #ski #norging #liveterbestute #mitteventyrland #mittlekeland #mittnorge #utno #norgesferie #voss #vossisboss #visitvoss #fjelltur #fjordnorway #visitnorway #alpebygdavoss #utpåtur #dreamnowvisitlater #holidayinspo #norway
Our instagram
Me bur i eit eventyrland 🌿✨💜 Foto: @sjovoll_photo #tvindefossen #fossefall #waterfall #magicplace #naturfoto #norsknatur #mittnorge #mitteventyrland #voss #visitvoss #fjordnorway #visitnorway #dreamnowvisitlater #utpåtur #norgesferie #norgeibilder
Our instagram