Opplev skibygda Voss

Voss eir ein komplett skidestinasjon og har mange opplevingar for heile familien - heile vinteren!

Ein dag i skianlegget høyrer kanskje med for dei fleste på ein skiferie eller vinterferie. På Voss kan du ta ein dag i Voss Resort og ein dag i Myrkdalen - då vil de få oppleva mange uliker løyper, parkar og sjølvsagt mykje god mat. Ta gjerne skibussen til Myrkdalen

Det er også mykje anna å finne på i bygda! Kva med ein tur til Voss Folkemuseum - den nye utstillinga deira syner Voss gjennom dei siste 500 åra. Her er både interaktive element og utstillinga er laga både for born og vaksne (born under 15 går gratis). Er det snø har dei også veldig fine akebakkar utanfor museet.

Vil du oppleve noko heilt spesielt som familien vil hugse i mange år framover? Då anbefalar me ein tur til Voss Vind - her kan de læra å fly! Å køyre hundeslede i Myrkdalen er også ei fantastisk oppleving for både store og små.

Sjå fleire opplevingar her:

<% totalFilter %> filter applicerade