Osafestivalen
Osafestivalen

Osafestivalen

Osafestivalen er ein festival for folkemusikk og klassisk musikk. Festivalen vert arrangert siste helga i oktober kvart år og tilbyr om lag 40 konsetar og arrangement i ulik storleik fordelt over fire dagar.

Festivalen har namn etter, og bakgrunn i Sigbjørn Bernhoft Osas tankar om å skape ein møtestad der folkemusikken møter og bryner seg på nærliggande musikkformer. Festivalen er ein nyskapande, intim møteplass for tradisjons- og samtidsuttrykk og har fast hovudarena i Voss
idrettshall Voss.

Klikk her for å kjøpa billettar!

I løpet av fire dagar kvar haust er Osafestivalen ein arena for interessante musikalske møte mellom utøvarar av tidlegmusikk frå klassisk side, og folkemusikarar frå ulike tradisjonar og kulturar. I tillegg står festivalen for heilårsscena Osascena og UngOsa, som er ei helgesamling for born og unge med interesse for folkemusikk og dans.

Osafestivalen vart arrangert for fyrste gong i 1994. Festivalen har heilt sidan han sprang ut frå Strykarfestivalen to år tidlegare hatt ein unik posisjon i Noreg som møtestad for tradisjons- og samtidsuttrykk der folkemusikken møter og bryner seg på nærliggande musikkformer.

Med både tradisjonell folkemusikk og nykomposisjonar på programmet er målet til festivalen å smi saman tradisjon og visjon.

Sjå programmet for Osafestivalen her!

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 22 Oct

Produktegenskaper

  • Høst