cbis:2131356
cbis:2131356
cbis:2131356
cbis:2131356
Voss

Skitur over Raundalsryggen med Wild Voss

Raundalsryggen er namnet på den vakre fjellrekka på sørsida av Raundalselvi mellom Voss og Mjølfjell. Snødekte, imponerande fjelltoppar ligg på rekke og rad, høgt over den ville naturen i Raundalen. Her finn vi Olsskavlen (1576), Voss sitt høgaste fjell. Turen byr på mange bakkar, nærkontakt med mektig fjellnatur og ei spektakulær utsikt. Når det klaffar med snøforholda gir nedkøyringa frå Olsskavlen ei herleg avslutning på turen.

Kva får du oppleve?
På denne turen får du oppleve naturen i Raundalen på sitt beste. Frå den gamle furuskogen langs den blågrøne Raundalselvi til ville og alpine fjelltoppar. Stillheita i dalføret blir berre broten av fløytinga frå toga som passerer. Gled deg til nærkontakt med vakker høgfjellsnatur!

Turen over Raundalsryggen gir deg ei fin samling med toppar, inkludert det høgaste fjellet på Voss. Vi startar med Horndalsnuten (1461) lengst mot vest. Deretter legg vi spora over Skipadalsnuten (1496), Seldalsnuten (1548) og Olsskavlen (1576).
Dette er ein lang skitur med samla stigning på om lag 1800 høgdemeter. Det betyr at turen passar godt for deg som trivst når kroppen må jobbe i fleire timar. Her er motbakkar nok, men terrenget er ikkje særleg vanskeleg eller utsett.

​På guida tur kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å nyte godt av guiden sin kunnskap. Vi legg opp til opne gruppeprosessar som sikrar aktiv deltaking og læring for alle.

Typisk turplan
Vi møtast kl 7.45 ved parkeringsplassen nær Skiple i Raundalen (Google maps). Der går vi gjennom plan for dagen, sikkerheitsbrief og sjekkar at alt utstyr er på plass. Vi køyrer ein bil opp til Voll, der turen avsluttast om ettermiddagen.

​Turen startar i lettgått terreng langs ubrøyta skogsveg. Etter kvart siktar vi oss inn mot Horndalsnuten. Opp dit bruker vi om lag 4 timar. Turen vidare følger Raundalsryggen i varierande terreng, men aldri særleg vanskeleg eller utsett. Opp mot Skipadalsnuten festar vi skia på sekken, ellers har vi skia på beina heile tida.

Etter om lag 9 timar nærmar vi oss toppen av Olsskavlen. Vi fjernar fellene frå skia for siste gong og førebur oss på den flotte nedkøyringa til Voll.
Forventa tidsbruk er 9-11 timar, avhengig av føret, vêret og gruppa.

​For ei detaljert skildring av turen over Raundalsryggen, sjekk ut vår blogg.

Sesong
Frå 15.februar til 15.mai. Turdatoer i 2024: 24.mars (palmesøndag), 30.mars (påskeaften), 13.april og 4. mai.

​Krav til deltakarar
Dette er ein krevjande topptur i utfordrande høgfjellsterreng. Vi legg bak oss 1800 meter stigning og om lag 22 kilometer i samla distanse. Du må vere i god turform og vere trygg på skiutstyret ditt for å kunne delta på turen. Du har vore på toppturar i fjellet før og er vand med lange dagar på ski.

Naudsynt turutstyr
Toppturski eller solide fjellski med langfeller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og solbriller, solkrem, rikeleg med lunsjmat og minst 2 liter drikke.

Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Prisar og vilkår
​Denne turen kostar kr 2450 per person (minstepris kr 4 900,-). Nedre aldersgrense er 16 år. Av omsyn til turoppleving og sikkerheit set vi maksimal gruppestorleik til 6 per guide. Grupper på 4 eller fleire får 25 % rabatt på prisen.

​Sikre deg plass på ein av dei oppsette turdatoane ved å klikke på knappen «Kjøp plass på tur». Om du heller vil på tur ein annen dato, klikk "Send epost", og fortel oss når du vil på tur. Vi tek gjerne kontakt og gjer nærare avtale. ​

Prisen inkluderer:
Alle guiden sine førebuingar og reisekostnader
Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
Leige av skredutstyr.
Turleiing og opplæring undervegs av kvalifisert guide. ​

​​Ikkje inkludert i prisen:
Transport.
Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

​​Har du spørsmål om turen, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til [email protected] eller ring på 93484041. ​

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår

Map