cbis:2650977

Spesialomvising, Voss Folkemuseum

Kvar onsdag vert det spesialomvisingar på museet kl 13. Me set av meir tid, går inn i fleire hus på tunet og snakkar meir om dei ulike delene av den nye basisutstillinga Utsyn mot Voss. Kva veit me om hovudverket Ridande vossabryllaup? Kva med felekassen frå 1512? Korleis såg Vangen ut på 1930-talet? For eksempel. Det vert rom for samtalar og spørsmål undervegs i runden.

Du treng ikkje tinga på førehand berre møt opp ein onsdag kl 13 og heng deg med (OBS! Spesialomvisning er ikkje tilgjengeleg i feriar og på raude dagar). Kafeen er open om du får lyst på kaffi og lappar før eller etter omvisinga.

Ordinær billettpris Vaksen 120 / student 70 /born under 15 gratis.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 30 Oct 2024 - 28 May 2025

Produktegenskaper

  • Sommer