Studentrabatt på vinter

student aleine i slalomløypa på Voss

Myrkdalen | Foto: Sverre F. Hjørnevik

Reis til Voss så mykje du vil i vinter med 40% rabatt!

Midt i veka ventar urørt pudder og det er mykje ledig plass i bakken. Kvifor ikkje reise til Voss med gjengen på dagtid, midt i veka, og ta studietimen på kvelden i Bergen? Når der regner i byen snør det som regel på Voss. Det er mykje bra off-piste køyring rundt anlegget både i Voss Resort og i Myrkdalen. Men... snør det ein tysdag er det for seint å vente til helga, då er nok det meste oppkjørt av andre som har nytta seg av fleksitid og kveldskøyring. 

Kor mange dagar klarer du på ski denne sesongen? 

Studentar får denne sesongen 40% rabatt på periodebillett hjå Skyss (kan brukast på buss og lokaltog) og 40% på skikort hjå Voss Resort og Myrkdalen. Bergen er kanskje den norske byen med enklast tilgjengeligheit til så store skianlegg. Frå Bergen er det berre 1 t og 20 min til Voss, med tog. Frå togstasjonen på Voss tar du enkelt gondolen til Voss Resort eller skibussen til Myrkdalen - og vipss så har du skia på beina og bakken for deg sjølv. 

sonekart fra skyss.no

Skyss

Periodebillettane til Skyss går over 7, 30 og 180 dagar og kan brukast både på bussen og på lokaltoget til Voss. Har du kanskje alt ein periodebillett som gjeld for sone A (Bergen)? Utvider du denne frå ei sone til tre-sju soner, kan du reise så mykje du vil til Voss! Tre-sju soner koster 1100 kr og det tjener du inn igjen på berre 3 turar til Voss (med tog). Les meir om prisar og ulike billettar på skyss her: Billettar og prisar.

Du kan kjøpe 7-, 30- og 180-dagarsbillett i appen Skyss Billett.

Voss Resort 

40% rabatt på dagskort (av vaksen pris), ved framsyning av gyldig studentbevis. Gjeld alle dagar, inkludert feriar. Kveldskort for studentar; kr. 250,-. 

Sesongkort for høgskule-, fagskule- og universitetsstudentar som er 30 år eller yngre, eller fulltidsstudentar (ikkje folkehøgskule); kr. 2320,-. Studentbevis, gyldig bevis for betalt semesteravgift og evt. dokumentasjon om at ein er heiltidsstudent må framvisast ved kjøp. 

Les meir her

Myrkdalen

40% rabatt på dagskort alle dagar i heile sesongen for studentar og vernepliktige ved framsyning av studentbevis og betalt semesteravift / vernepliktsbevis.
Årskort for studentar/vernepliktige kr 2050,- Inkludert er også sommarheisen som går i juli og august 2022. Gjeld fulltidsstudentar over 18 år på høgskular, universitet og fagskular med har gyldig studentbevis og innbetalt semesteravgift, samt vernepliktige som dimitterer i april 2022.
Gratis skibuss som korresponderer med tog frå Bergen

Les meir her

ein skikjører aleine på fjellet i voss resort

Voss Resort | Foto: Erik Østlie