cbis:2016247
cbis:2016247
cbis:2016247
Vossevangen

Toppturkurs med Wild Voss

Eit kurs for deg som er topptur interessert og som vil bli tryggare på å vurdere skredfare. Vårt 2-dagars toppturkurs gir deg skred kunnskapen du treng for å dra på trygge toppturar! I løpet av kurset blir du kjend med nokre klassiske toppturar i Vossafjella.

Dette 20 timars skredkurset gjør deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar. Det meste av kurset foregår på topptur i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine forkunnskapar. Vossafjella er snøsikre og har eit rikt utval toppturar som eignar seg godt til skredkurs. Kurset let seg derfor gjennomføre i nær sagt all slags vêr og under alle slags forhold.

​Skredlære - dette får du lære meir om:
- Korleis bruke Varsom RegObs og andre hjelpemiddel til turplanlegging?
- Terrengklassar, brattleiksvurdering og terrengfellar på kartet og i terrenget.
- Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?
- Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket.
- Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.
- Kameratredning i skred med søk, utgraving og grunnleggande førstehjelp.
- Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

​Krav til deltakarar
Toppturkurset passar godt for deg som har lite eller begrensa førehandskunnskap. Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du veit korleis du kler deg for skiturar i høgfjellet vinterstid. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med lett sekk på ryggen, både opp og ned.

Naudsynt ski- og turutstyr
Toppturski (Rando eller Telemark) med lange feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Toppturkurset - plan for gjennomføring
Dei fleste av toppturkursa våre vil ha base på Voss Vandrarheim. Vi har halde fleire kurs og foredrag på Vandrarheimen, og blir alltid møtt med vennleg betjening og upåklageleg service. Her har vi tilgang på møtelokale og kan kjøpe mat ved behov.

Prisar og vilkår
Toppturkurset kostar kr 4490,- per person. Familiar med minst to vaksne (over 18 år) og to barn betaler kr 2995,- per person. Gruppepris 4 personar kostar 14368,-

Inkludert i prisen
- Arrangøren sitt forarbeid.
- Deltaking på 20-timars kurs med NF-sertifisert skredinstruktør (to heile dagar og to kveldar).
- Leige av kurslokale tre kveldar.
- Alt naudsynt kursmateriell (skredkort, kartutskrifter, skrivesaker og anna materiell).
- Lån av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M) ved behov.
- Dekking av alle instruktøren sine kostnader.

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

Kurset har 6 plassar. Vi må ha minst 3 påmeldte for å kunne gjennomføre kurset. Nedre aldersgrense: 16 år. Deltakarar under 18 år må ha attest frå føresette for å kunne delta.

For meir informasjon om kurset, sjå på nettsida vår eller kontakt oss på epost eller tlf.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår

Map