Torget på Simonsplassen har vore ein aktiv handleplass for vossingar og tilreisande heilt frå gamalt av. Faste torghandlarer syter for aktivitet gjennom heile året, men størst er nok aktiviteten i sommarhalvåret (hovudsakleg på laurdagar), når bønder og andre småskalaprodusentar frå distriktet inviterar lokalfolk og andre til handel.
Kvart år er det også jolagrantenninga på Torget med ordføraren. Dette er ein fin tradisjon som samlar mange Vossingar på torget.