Voss
Tre Brør Kafé og Bar
Ferske råvarer og mest mogeleg heimelaga mat er hovedfokuset!
Tre Brør er ein svært populær plass både blandt tilreisane og vossingane. Dei ligg sentralt plassert ved torget, midt i sentrum av Voss. Her er det avslappa atmosfære og lun stemning. På dagtid er det kafé medan det utover ettermiddagen sklir over i bar.
Tre Brør fokuserer på lokale råvarer og varier menyen med sesongane. Om sommaren er det fokus på grill og lettare rettar, medan hausten er prega av sesongen med lokalt kjøt og grønnsaker. Du finn også eit godt utval av vegetar rettar her.
Tre Brør er også ein stor del av kulturlivet på Voss. Dei har alltid ei utstilling av ein lokal kunstnar i kaféen og har ofte konsertar og jam-nights.