Vangskyrkja

Vangskyrkja

Vangskyrkja er bygd i 1271-77. Vangskyrkja er ei brukskyrkje med gudsteneste kvar sundag kl. 11.
Om sommaren er kyrkja open for turistomvising. Brosjyre med nærare informasjon kan ein få i kyrkja.

På heimesidene til kyrkjene på Voss, står følgjande om Vangskyrkja:
"På grunnen der kyrkja no står, stod det sannsynlegvis eit gudehov i den heidne tida. Då Olav Haraldsson vitja Voss på kristningsferda si i 1023, reiste han etter tradisjonen den store steinkrossen som står på pres¬tegardsjordet sør for kyrkja. krossen var truleg den fyrste kristne samlingsstaden her. kong Olav har vel dessutan fått rive hovet og gjort avtale om kyrkje-bygging. Den fyrste kyrkja her var av tre, sannsyn¬legvis ei stavkyrkje. I eit kongebrev frå 1271 takkar Magnus Lagabøte vossingane for at dei byggjer stein¬kyrkje i staden for trekyrkje, etter råd frå far hans Håkon Håkonson, og han bed dei fullføra verket. kyrkja var ferdig i 1277 og vart vigd til Sankt Mikael." 
Kjelde: www.voss.kyrkja.no

Tags
attraksjonar