OPPLEV VÅREN PÅ VOSS 

Sesongstart på eventyr!

Snøen ligg framleis i høgfjellet, elvane brusar og byr opp til leik, og sola varmar. På Voss finn du mange aktivitetar, frå randonee, til rafting, eller nyt frisk vårluft i eit utandørs boblebad. Alt med kort avstand mellom opplevingane.

Bygda byr på ro og stillhet før sommartrafikken set inn, medan alt av aktivitetar er i gang for sesongen. Før fellesferien kan du utforska attraksjonar og aktivitetar i eit rolegare tempo, i eit landskap som nettopp har vakna til liv.

Opplevingar som er verdt å få med seg:

<% totalFilter %> filter applicerade

Ein perfekt vårtur til Voss

Treng du inspirasjon til kva du kan finna på? Sjå vårt forslag til 3 dagar på Voss. 

Dag 1

to damer sitt på ein bakke og ser på utsikten over voss. Det ligg framleis snø på fjelltoppane, men bakkane lenger ned er grønne - eit vårleg landskap

Etter ankomst er det fint å bevega seg litt og å bli litt kjent i bygda. Ta turen opp i høgda, i nærleiken av sentrum, slik at du får eit overblikk. Du kan gå på beina eller testa gondolen. Me anbefalar også ein tur innom Voss sentrum for litt lokale produkt og flotte nisjebutikkar. 

Dag 2

kvinne i en packraft i turkis elv på Voss. båten er vendt oppstrøms og hun forsøker å surfe på en bølge.

Få ein smakebit av ein ny hobby. Tidleg i sesongen er det perfekt å testa ut noko nytt. Kanskje har du lenge tenkt på å begynna med klatring, padling eller stisykling? På Voss kan du få ein smakebit på det meste. Dag to bør du sette av til ein guida tur (eventuelt kan du utvida opphalde og bli med på eit kurs). 

Dag 3

ein mann står på ein fjelltopp i shorts, og med ski på beina, og ser på utsikta. I bakgrunnen ser ein nokre spisse fjell som er langt, langt, unna.

Start dagen med ein roleg frukost, og kanskje eit forfriskande morgonbad og badstove for dei sprekaste? Før avreise bør du få deg ein tur i Vossafjella, på ski eller på beina?! Det er lite som slår skitur i shorts.

Youtube video image

Korleis reise til Voss?

Voss er lett tilgjengeleg med både bil, buss og tog. Du kan heilt fint reisa til Voss utan bil - hopp på toget frå Bergen eller Oslo, bu i sentrum og benytt deg av aktivitetar i sentrum (og inkludert transport), lokale bussar og/eller leigebil. 

Tog

Frå Bergen: 1 time og 10 minutt (raskast)
Frå Oslo: 5-6 timar
Frå Flåm: 1 time og 45 minutt

Buss

Sognebussen: Sogndal - Voss - Bergen
Skyss: Hardanger - Voss

Bil

Bergen - Voss: 1t og 30m
Oslo - Voss: 6-7t

Les meir her

Inspirasjon:

Adrenalin for venner og par

Våre forslag til ein actionfylt ferie. 

tandem fallskjermhopp voss

 

 Kultur på bygda

Museum, bryggeri og hidden gems

eldhusoppleving, eldhuset dale

Fossefall

Brusande fossar fylt av smeltevatn

Skjervsfossen om våren, fossen er ekstra stor då og i flott kontrast med det grøne landskapet.

Foto:
Erik Østlie
Skjervsfossen, sett frå bunnen av Skjervesvingane