cbis:2052616
cbis:2052616
cbis:2052616
cbis:2052616
Voss

Voss Fellesbryggeri

Ein lokalprodusent med engasjement og lidenskap.

Voss Fellesbryggeri er eit handtverksbryggeri på Voss. Bygda har rike og lange tradisjonar for ølbrygging. Bryggeriet spelar på tradisjonar, men også leikenheita og humoren som vossingen har i seg.

Øla er brygga av lokale ølentusiaster som ynskjer å bygga vidare på dei rike mat- og drikketradisjonane på Voss og derikring. Ambisjonen vår er å gjera godt kvalitetsøl tilgjengeleg for folk over heile landet. Alt ølet vert brygga på kveik. Kveik er ein ølkultur (les: ølgjær, gjærsopp) som har svært lange tradisjonar på Voss og gir ølet ein unik og frisk smak.

Voss Fellesbryggeri sine varer finn du over heile landet på Meny, Spar, Eurospar og Joker, samt Coop Hordaland og andre utsal for handverksbrygg og anna kvalitetsøl. Det er også utsal på lokala på Voss. Her er det berre å svinga innom. Snart opnar dei også butikk i Voss Sentrum kalla "Leskebutikken".

Vårt øl skal ikkje gjera verda til ein betre stad, det skal berre verka slik.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map