Voss Utferdslag (DNT - Voss)
Voss Utferdslag har mange sjølvbetjente og ubetjente hytter i fjella rundt Voss. Fjella i vår region byr på både barnevenlege og krevjande turar, både sommar og vinter. Her er eit stort stinettverk og ein kan velja mellom mange ulike ruter til hyttene.
Sjå oversikt over hyttene
Kvart år arrangerar Voss Utferdslag lågterskeltilbodet «Stølsturar i Vossafjell», med 15 flotte turmål! Her er store og små invitert til både korte og litt lengre turar. Desse kan du gå på eiga hand eller saman med andre, men utan turleiar.
Stølsturane
Voss Utferdslag vart skipa i 1933 og er ein interesseorganisasjon for friluftsliv. Laget arbeider med å merka ruter, og ved å byggja og drifta hytter og bruer, slik at fleire kan delta i eit friskt og sunt friluftsliv. Vidare skal laget arbeida for å verna om naturen slik at komande generasjonar kan oppleva urørt natur.
Les meir om Voss Utferdslag her