Vossa Jazz
Vossa Jazz
Vossa Jazz
Vossa Jazz
Vossa Jazz
Vossa Jazz
Vossa Jazz
Vossa Jazz

Vossa Jazz

Den kjende jazzfestivalen tar plass på Voss kvart år i palmehelga.

Festivalen er kjend for å vera nyskapande, og her kan du høyra både jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Store namn frå inn- og utland kjem til Vossa Jazz kvart einaste år, og mange av konsertane finn stad på Park og i Gamlekinoen. Tingingsverket er eit av høgdepunkta, der ein musikar får i oppgåve å komponere eit verk spesielt til festivalen.

Den musikalske profilen femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Badnajazz, ungdomssatsinga Jijazz, Eldrejazz og Superjazz for menneske med funksjonshemmingar er alle viktige element i festivalen. Om lag 50 tilskipingar finn stad denne helga, med m.a. parade, kunstutstilling, gratiskonsertar og verkstader i tillegg til alle dei flotte konsertane.

Vossa Jazz skal ha som føremål å stimulera interessa for jazz og nærliggande musikkformer både for tilhøyrarar og aktive musikarar. Vossa Jazz skal i særleg grad stimulera til nyskaping og utvikling på nemnde kunstområde. Hovudverksemda skal vera å skipa til ein årleg jazzfestival på Voss. Vossa Jazz kan også engasjera seg i kunstproduksjon og – formidling elles gjennom året.

Vossa Jazz skal gjennom all sin aktivitet freista å fungera som eit alternativ til den einsidige kommersielle kulturspreiinga.

Vossa Jazz har to tilsette og eit styre på fem faste medlemmer og tre varamedlemmer. Festivalrådet syter saman med over 200 flinke frivillige for at festivalen blir gjennomført på beste måte!

Datoar dei næraste åra:
2024: 22. – 24. mars
2025: 11. – 13. april
2026: 27. – 29. mars
2027: 19. – 20. mars

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vår