cbis:2621218
cbis:2621218
cbis:2621218
cbis:2621218
Voss

Bømoen, Voss

Bømoen leir på Voss, kjend frå TV-serien 'Kompani Lauritzen', er eit område rikt på historie og fantastisk natur. I tillegg til den gamle militærleiren er Bømoen eit svært populært område for både turar til fots, sykkel, ski og leik. Omkransa av majestetiske fjell, tilbyr Bømoen eit mangfald av aktivitetar, frå fallskjermhopp til stiar i skog og natur. Denne historiske militærleiren har utvikla seg til eit senter for utandørsaktivitetar.

Bømoen
Løypene i Bømoen er breie og fine i store delar av område og ein kan gå turar av ulike lengd (1km til 10km). I tillegg til løypene går det eit nettverk av stiar gjennom skogen. Her kan ein også gå på stolpejakt om sommaren. Sjå meir info om turløypene lenger ned på sida.

Bømoen leir
Midt i Bømoen ligg militærleiren, som består av fleire bygningar. Dei fleste bygningane er i dag freda. Mellom bygningane ligg ein stor fotballbane og ikkje langt unna finn ein hinderløypa frå Kompani Lauritzen.

Fallskjerklubben
Ved flyplassen finn du Voss fallskjermklubb, Noregs største fallskjermklubb, med rundt 35,000 fallskjermhopp i året. Her kan du gå på kurs for å læra å hoppa sjølv, eller prøva deg på eit tandem fallskjermhopp. I tillegg finn du både kafé og leikeplass på klubben sin base.

Turløyper:
Tur- og skiløypene i Bømoen er merka. Du kan velje løyper på 1 km, 2 km, 4 km, 6 km, 7,5 km eller 10 km. Undervegs i løypene finn du skilt som syner kor mange kilometer det er att.

Grøne løyper: 1 km, 2 km, 4 km.
Dette er turar i lett og stort sett flatt terreng, løypa går nær Raundalselva.

Blå turløyper: 5,5 km, 7,5 km og 10 km.
Desse turane startar som 4 kilometeren, men vil når ein nærmar seg den gamle militærleiren hald fram forbi det gamle militærsjukehuset og vidare rundt flyplassen. 10 km sløyfa er ei forlenging av 7,5 kilometeren, og byr på tyngre motbakkar og om vinteren friskare utforkjøringar. Underlaget er i tillegg meir stiprega.

Lengd: 1 - 10 km sløyfer
Sesong fottur: April - November
Sesong skitur: Desember - Mars
Vanskeligheitsgrad: Grøne (lett) og blå (moderat) løyper
Startpunkt: Bømoen - Palmafossen
Turkart referanse: Kontakt Voss Turistinformasjon for turkart.
Merknad: Vinterstid vert det køyrd skiløyper i Bømoen, men ofte går det an å gå til fots i Bømoen til november-desember.

NB! Hugs å respektere at det er bandtvang heile året i Bømoen.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map