utsikt mot bordalen

Bordalen rundt

Utover Bordalen syklar du på ein lite trafikkert bygdeveg gjennom gardstun og jordbrukslandskap, då dalføret ikkje er ei gjennomgangsrute.

Ruteskildring
Start turen ved Vangskyrkja og sykle gjennom sentrumskjernen til du kjem til lyskrysset ved Sverresplass (me anbefaler å følgje forttauet langs Uttrågata). Frå lyskrysset fortset du Uttrågata til du har kryssa elva på Langebrua.

Her byrjar Bordalsvegen som er hovudvegen innover dalføret og er skilta mot Rong. Du veit at du er på riktig veg når du etter kort tid passerer den lokale matbutikken Dyrdal Mat på høgre hand. Her svinger vegen mot venstre og du startar stigningsetappen.

Følg Bordalsvegen oppover. Vegen tek deg snart mellom to jorder og går så i ein stor sving mot høgre. I klarvêr vil du kunne sjå ned mot sentrum og Vangsvatnet. Det flatar litt ut i det du syklar forbi ein stor gard, før stigninga byrjar att. Like før boligfeltet Sognvesborgi, kjem du til eit flott utsiktspunkt der Bordalsvegen møter toppen av Gamle Bordalsvegen.

Bordalsvegen fortset gjennom øvre del av boligfeltet og svingar slakt mot venstre i det du passerer garden Rokne på høgre hand. Du legg så Voss sentrum og Vangsvatnet bak deg, i det du startar etappen innover dalføret.

Stigninga vil fortsetja litt til før dalføret opnar seg og vegen flatar ut. Du vil sykle på ein forholdsvis rett strekning og har sykla om lag 7 km når du passerer avkøyrsla mot Voss ski- og tursenter på venstre hand. Her svinger vegen slakt mot høgre og du sykler over ei bru, gjennom eit boligområde og fortset djupare inn i dalen.

Pass på, for no nærmar du deg staden der du skal ta av hovudvegen, der vegen deler seg etter om lag 9,5 km. Her tek du til høgre og følg vegen ned mot elva, kryssar brua og fortset på grusveg og gjennom gardstun tilbake mot Voss sentrum, no på andre sida av dalen.

Like før Gjelle byrjar asfaltvegen igjen og du vil få ein flott utsikt over Voss sentrum, Hanguren, Lønahorgi, Vossavassdraget og Vangsvatnet.

Følg vegen ned til du kjem til Vikjavegen. Du har to alternativ, du kan følgje asfaltvegen eller ta inn på grusvegen på høgre hand. Når du kjem til Vikjavegen svinger du til høgre, kryssar brua over Bordalsgjelet (1) og syklar inn på Gjernesvegen. Gjennom boligfeltet kan du ta inn på sykkelvegen, før du igjen følg bilvegen ned ein bakke. I botn av bakken syklar du forbi eit raudt hus på venstre hand, før Russarvegen går ned til venstre.

No har du to alternativ; a) du kan svinge ned Russarvegen og deretter ta til høgre over gangbrua Tintrabrua, før du syklar alléen gjennom Prestegardsmoen til du kjem tilbake til Vangskyrkja. b) du kan fortsetja på sykkelvegen ved Gjernesvegen til du kjem til Langebrua, sving til venstre og du er tilbake i sentrumskjernen og Uttrågata.

Attraksjonar langs ruta
Bordalsgjelet
 

Tags
sykkelrute