Foto:
Sven Ove Bøe
Utsikt frå gondolen mot Hangurstoppen Restaurant.
Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn
Mor og son skubbar kvarande av hinderløypa i Vossabadet.
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
Tre barn står i skibakken og får opplæring av to jenter frå skiskulen.

Draumehelg på Voss med familien

Vil du skape gode minner med familien i vinter? Les vår oversikt over kjekke aktivitetar som passar perfekt for barnefamiliar!

Vinteren nærmar seg Voss og snart blir bygda dekt i kvitt pudder. Dersom du tenkjer å ta turen til Voss med familien i vinter kan du allereie no planleggje og bestille ditt opphald. Her på Voss finn ein aktivitetar for alt slags vêr og for alle aldrar. Ynskjer du å ha ei draumehelg med familien i vinterparadiset Voss? Sjekk ut dei gode tipsa våre for barnefamiliar!

Dag 1: Dersom ein ynskjer ein kjekk start på helga kan me anbefale å ta turen innom Voss Bowling og Leikeland i Voss sentrum. Her kan familien spele nokre slag med bowling, borna kan leike seg i Leikegrenda og ein kan teste biljardferdigheitane sine om ein ynskjer. Etter at borna har fått leika frå seg er det godt med eit måltid. På Ringheim Kafé og Restaurant har dei dyktige kokkar og ein gjennomtenkt meny med noko for alle.

To barn leikar i eit romskip med glasvindauge. Foto: Voss Bowling og Leikeland

 

Overnatting: Dersom ein reiser til Voss med toget er det perfekt å bu på Hotell Scandic Voss som ligg rett ved togstasjonen. Her får ein gode rom, prislønt frukost og det er ein koseleg kolgrill i restauranten. Det er kort gangavstand til det meste, for eksempel i nabobygget finn ein Voss Gondol som går til Hangurstoppen. Om ein har bil og ynskjer å bu litt utanfor Voss sentrum kan ein bestille seg ei hytte i Tråstølen hjå Voss Resort. Herifrå har ein kort veg til skitrekket og du kan nyte å ha di eiga hytte for helga. 

Dag 2: Skikøyring er ein stor del av vinteren, og heldigvis har Voss fleire fantastiske skianlegg. I Voss Resort finn ein mengder med preparerte skiløyper. Her har ein uendeleg med moglegheiter og ein kan køyre slalåm, i park, off-piste, gå på langrenn eller trene opp dei minste i ein av dei tre bornebakkane. Ein kan enten ta Voss Gondol opp i frå sentrum eller skiheisen opp i frå Bavallen. Når matlysta melder seg kan ein ta seg eit godt måltid på Hangurstoppen Restaurant, her finn ein god mat av lokale råvarer og ei fantastisk utsikt. Om de vil besøke eit komplett skisenter med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegrader, parkar anbefaler me å ta turen til Myrkdalen Fjellandsby.

Ein far hjelp dotter si opp med T-heisen i skitrekket på Hangurstoppen. Foto: Voss Resort

Dag 3: Dag 3 kan de ta endå ein tur i same skianlegg eller besøke det andre anlegget. Etter to aktive og trivelege dagar kan det vere fint å nyte luksusen av å svømme i bassenget hjå Vossabadet. Her kan borna trene på nye triks til skibakken i stupebassenget, medan foreldra kan slappe av i den behagelege badstua. Her finn ein også hinderløype, symjebaner og opplæringsbasseng kor dei yngste kan bli komfortabel med symjing. Alternativt kan ein teste ut korleis det er å flyge i Voss Vind. Husk å bestille med bilete, slik at ein kan vise fram til venar og familie at ein har lært seg å flyge på Voss!

Ein familie på to vaksne og tre born poserar med armane i vêret i vindtunnelen på Voss. Foto: Voss Vind

 

 

Sjekk også ut desse aktivitetane

<% totalFilter %> filter applicerade

Les også desse artiklane: