Enkle sykkelturar på Voss

Vangsvatnet rundt

vangsvatnet rundt, på sykkel
Foto: Anne Gjeraker

Lett kupert asfaltløype på mindre trafikkert veg. Enkel løype som passar dei over 10 år. Turen går gjennom mange gardstun, passerer små fossefall og har fleire attraksjonar langs vegen.

Rute:
Turen startar ved Vangskyrkja og går på nordsida av Vangsvatnet i retning Bergen (langs E16). Frå Vangskyrkja følg du gang og sykkelvegen på høgre side av bilvegen. Etter om lag 250 meter passerer du Fleischer's Hotel og sykkelvegen fortset på venstre sida av vegen. Etter 1,1 km passerer du Voss Vandrarheim. Du kryssar i fotgjengarfeltet og tek inn på sykkelstien på høgre sida av vegen. Følg sykkelstien som først tek deg opp ein bakke, før han fortset parallelt med bilvegen (E16). Sykkelstien er skild frå vegen med kvit merking i kanten av vegbanen før du kjem inn på "gamlevegen", som følg terrenget gjennom gardstuna ovanfor bilvegen.

Etter 8 km når du enden av vatnet og her kryssar du elva Vosso. Ta til venstre rett over brua. Følg hovudvegen på sørsida av Vangsvatnet mot Voss sentrum.

Mot slutten av turen har du to alternativer;
* Alternativ 1: Ta til venstre over Langebrua og fortset gjennom Uttrågata og du er straks tilbake ved Vangskyrkja.
* Alternativ 2: Etter å ha passert avkøyrsla til Dagestadmuséet på høgre hand og kome til botn av bakken ved eit stort raudt hus, ta til venstre ned bakken og deretter sykle over elva Vosso via Tintrabrua. Her sykler du rett fram på grusvegen gjennom Prestegardsmoen. Ved utgangen av skogsparken passerer du Voss Friluftsbad på høgre hand. Fortset rett fram gjennom alléen og avslutt turen ved Vangskyrkja.

Attraksjonar langs ruta
* Bordalsgjelet
* Prestegardsmoen friluftsområde
* Hendrieke Berg galleri/atelier

Fakta:
Lengde: Ca. 23 km
Estimert tid: 1 - 2 timar
Terreng: Asfaltert sykkelsti og landeveg

Voss sentrum – Bømoen

Løypa går i lett kupert terreng dels på asfalt, grus og til dels sti/skogsløype.

Rute:
Start turen ved Vangskyrkja og følg fortauet ved E16 til lyskrysset. Hald fram mot Hardanger langs Rv13 over Langabrua (over elva Vosso). Vidare syklar du forbi kjøpesenteret Amfi på sykkelsti. Sykkelstien møter så Brynalivegen. Ta her av til høgre og hald fram langs fortauet opp bakken. Sykkelstien byrjar att på venstre side rett før Voss Energi. Den krysser under Rv13 og går langs Rv13 på venstre side i ca 700 m. Ta til venstre over Raundalselva ved KIWI-butikken.

Når du har passert Palmafossen skule tar du av til høgre ved idrettsplassen mot Bømoen.
Videre kan du sykle på sti/grusvegar eller på asfalt til du passerer Bømoen militærleir. Hald fram på hovudvegen til Bjørke bru.
Bruk så same veg tilbake til Voss sentrum og Vangskjyrkja.

Attraksjonar langs ruta:
* Voss Fallskjermklubb (landingsområde, kafé, leikeplass
* Palmafossen kraftverk (der ein kryssar Raundalselva, rett før Palmafossen skule)

Fakta:
Estimert tid: 1 - 1/2 time
Lengde: 20 km

Voss Sentrum - Tvindefossen 

via Voss Golfbaner

Tvindefossen på Voss
Foto: Paul Edmundson

Lett kupert asfaltløype på sykkelsti og mindre traffikkert veg, der du passerer 4 idylliske vatn på rekkje og rad. Grunna tett trafikk på E16 så er det anbefalt å sykle same veg i begge retningar.

Rute:
Turen startar ved Vangskyrkja og går autsover på fortau til lyskrysset (400m). Ta til venstre i krysset og følg fortau/sykkelsti vidare langs E16. Du passerer jernbanen (Bergen-Oslo) i undergangen ved Lundarosen. Etter 3 km får du Voss Jordbruksskule på høgre hand og vegen til Bavallen/Voss Resort til venstre. Rett etter jordbruksskulen tek du til høgre i krysset mot Nedkvitne og forlet E16 ved Coop-butikken. Rett før brua passerer du Voss Rafting Senter.

Ved første hovudkryss ta til venstre langs Nedkvitnevegen. Løypa held fram i kupert terreng på austsida av Melsvatnet og Lønavatnet. Hald deretter fram til du kjem til E16 og Tvinde. Du må krysse E16 for å koma heilt inn til Tvindefossen.

Grunna tett trafikk vil vi rå deg å sykle same veg tilbake til Vangskyrkja.

Attraksjonar langs ruta:
* Voss Golfbanar
* Nesheimstunet
* Tvindefossen

Fakta:
Tid: 2 - 3 timar
Lengde: 30 km
Terreng: Asfaltert sykkelsti og landeveg

Voss Sentrum – Skjervefossen

Skjerve som svingar seg gjennom skogen
Foto: Bike The Fjords

Asfaltløype i enkel stigning. Syklar du ned til Skjervsfossen får du også ein del brattare stigning. 

Frå Voss sentrum syklar du sørover på Rv13 mot Granvin. Denne vegen leier mot gang- og sykkelstien som går til Skjervsfossen, 11 km.
For å koma inn på sykkelstien, tek ein til høgre når ein kjem til vegen som er merka Lid.
Du må kryssa hovudvegen ein gong, før sykkelstien fortset på høgre sida av vegen.
Herfrå vil det vera ei jamn stigning dei første 5-6 km. Hugs å få med deg Skjervsfossen. Retur same veg.

Attraksjonar langs ruta:
* Skjervsfossen

Fakta:
Estimert tid:
Lengde: 27 km