Foto:
Erik Østlie
frikjøring i pudder på voss

Få fjellet for deg sjølv, på Voss

Har du drøymt om å komma til eit skianlegg og oppleve urørt pudder – heilt for deg sjølv? Det er ein ganske vanleg dag midt i veka, på Voss. Medan alle andre er på jobb i vekedagane, er denne tida perfekt for studentar, skiftarbeidarar og sjølvstendige næringsdrivande til å nyte fjellet. Om du jobbar på dagtid er kanskje det å stå på ski om kvelden eit betre alternativ for å finne tomme bakkar og løyper? Du kan f.eks. ta med deg brettet i gondolen og opp på fjellet for å nyte litt pudder og skogskøyring i Voss Resort. Andre alternativ er Kari Traa-heisen i Myrkdalen og langrennsløypene i Voss ski- og tursenter. Det er mange alternativ å velje mellom og her får du dei beste tipsa!

urørt pudder og fjellet for deg selv     par på veg oppover på randonee ski     jente på slalom i litt pudder
Urørt pudder i Vossafjella. Foto: Karoline Fosse   

Vil du leike deg i urørt pudder?

 

Det kan du i Voss Resort og Myrkdalen eller kvar som helst på Voss om du tar randonee-skiene fatt. For å komma til toppen av Voss Resort tar du gondolen rett fra togstasjonen, eller køyrer til Bavallen og tar skiheisen derifrå. Her er det uendeleg mange mogelegheiter for å køyra bra pudder. Det enklaste å begynne med er å ta heisen "Slettafjell" til toppen og køyre off-piste ned att. For dei meir erfarne er skogen ved sida av Hangurstrekket bra. Her kan du ta mange turar og få mykje bra skogskøyring.

I Myrkdalen finn du pudder langs løypene i heile anlegget - men den aller beste plassen er mellom Kari Traa trekket og Kråni. Ein treng ikkje å gå langt før ein finn urørt snø her. Myrkdalen er faktisk ein av dei mest snøsikre anlegga i Norge! Vil du ha ei endå betre oppleving? Ta med fellene dine, ta Kari Traa-trekket opp og gå i ca 30 minutter til Finnbunuten. Her får du garantert ein bra tur ned igjen.

Les fleire tips til toppturar i Vossafjella her: 5 enkle toppturar på Voss
 

NB! Vær obs på skredfare når du køyrer utanfor løypene. Når du er utanfor løypa har ikkje skianlegga lengre ansvar for sikkerheita di. Ikkje ta sjansar. Les meir på "Safety for ski tourers" av Visit Norway eller på "Ski touring in Norway" på Varsom.no
 

Pudderkjøring i Myrkdalen     randoneetur i myrkdalen, par på toppen av fjell
Frikjøring i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik. | Par på randoneetur i Vossafjella. Foto: Karoline Fosse

 

Store svinger i bakken

Både Myrkdalen og Voss Resort kan by på nypreparerte løyper om morgonen. Midt i veka tek det mange turar før du ikkje finn nypreparerte løyper og perfekt snø. Vekedagane er ei perfekt tid for ski- og brettkøyrarar som elsker å carve, ta store svingar og å teste hastigheita. Midtvekes treng ein ikkje å bekymre seg for mange andre i bakken. I tillegg til å ligge på skjør i perfekt løyper, finn du også ein flott park i Myrkdalen. Her er det topp å leike seg om du er glad i freestyle og nye utfordringar. Du vil dessutan sjeldan måtte stå i kø til skiheisen, så du får garantert mange rundar i løpet av nokre timar!

skikjører klar for å prøve seg på parkelementa i myrkdalen     slalom i tomme løyper i myrkdalen, midt i veka
Parken i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik. | Slalom i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Parken i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Eit langrennseventyr

I Myrkdalen finn du preparerte langrennsløyper like ved parkeringsplassen. Kryss den nye skibrua som går over hovudvegen og derifrå kan du velje løyper alt i frå 5km til 30km. Løypene er ikkje så godt kjent endå - så om du går her midt i veka er det stor sannsynlighet for at du får ha fjellet for deg sjølv. I Voss Resort finn du mange langrennsløyper på Hangurstoppen, rett ved toppstasjonen til gondolen. Ta f.eks. gondolen opp midt i veka og bruk heile dagen i langrennsløypa. På ettermiddagen kan du nyte ein fantastisk solnedgang på toppen av Hanguren! Ynskjer du ei skikkelig eventyrlig vinteroppleving kan du ta turen til Voss ski- og tursenter. Her kan du glede deg over tomme løyper omgitt av høge, snøkledde furutrær. Nokre plasser opner skogen seg og du får ei fantastisk utsikt frå løypa - ein magisk plass å kople av og berre nyte naturen og utsikta. 

Langrenn i myrkdalen     Langrenn, Voss Resort
Langrennløyper i Årmotslia og Myrkdalen Fjellandsby i bakgrunnen. Foto: Sverre F. Hjørnevik | Langrenn på Hangurstoppen, utsikt over Voss. Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media.  

 

Kveld i voss ski og tursenter
Blåtime og tomme løyper i Voss Ski- og Tursenter. Foto: Visit Voss

Aktivitetar og tilbod:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Meir inspirasjon til vinteren

Lyst på fleire skiturar i tomme bakker og løyper? Fiks deg ein fridag eller to midt i veka og sjekk ut desse artiklane: