Foto:
Åsmund Aarsand
Voss gondol
utsikt mot voss om hausten
familie på tur om hausten i skodde

Festivalhaust på Voss

På Voss er hausten full av ulike arrangement, med fokus på blant anna kunst, lokalmat, kultur og musikk. Alle aktivitetane du kan gjere her på sommaren, som rafting, fjellturar og vindtunnel, er også tilgjengeleg på hausten, så kva med ein tur til Voss i haust? Sjå våre forslag til eit perfekt festivalprogram og dei beste festivalane her: 

Humorfestival i Myrkdalen

04.09-05.09

Helga vil by på stand-up med kjende komikarar, flotte naturopplevingar og ikkje minst, nokon skikkelege latterkuler! Hausten er fantastisk til fjells - eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjellheimen er på sitt finaste. Helga 04-05. september vert humorfestivalen Fjelllatter arrangert i Myrkdalen, med nokre av Noregs morsomaste komikarar.

sendedalen på vikafjellet, om seinsommaren

Foto: Sendedalen på Vikafjellet
 

Program:

Fredag: Programmet startar alt fredag kl 19:30, med første show. Me anbefalar deg å ankomme tidleg fredag slik at du har tid til å utforske Myrkdalen. Første aktivitet du bør prøva er terrengsykkel, er du nybyrjar eller ynskjer å trene litt teknikk er sykkelløypa på oppsida av hotellet perfekt! Her er det ulike element å øva seg på. Sjekk gjerne Joar sin sykkelskule før du skal i gang. Middagen kan du ta på hotellet på Tunet - den best pizzarestauranten i heile fjellheimen. 

Laurdag: Start dagen med ein fjelltur! Ein kort køyretur frå Myrkdalen ligg Vikafjellet, inngangsporten til Stølsheimen. Dette området byr på frodig landskap og nydeleg høgfjellsterreng. Ein fin dagstur på Vikafjellet er innover Sendedalen. Stien er lettgått i kupert terreng. Du går innover langs fire fjellvatn og vel sjølv kor langt du vil gå før du snur. Er du ein av dei som badar heile året er det perfekt å ta seg ein forfriskande dukkert i eit av vatna før du dreg tilbake til hotellet. 

På kvelden er det duka for humorquiz, stand-up og DJ. Dette vert garantert ein morosam kveld med heile tre humorshow. Hovudnamna på årets plakat er nok Marlene Stavrum og Jørnis, men her er også mange andre spennande namn på programmet. Sjå full beskrivelse her. 

Søndag: Før heimturen bør du ta ein stopp på Voss. Ingenting friskar opp hovudet som litt fjellvatn så denne dag bør du ta turen ned elva med Voss Active eller Outdoor Norway. Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss, men er faktisk tilgjengeleg heilt til midten av oktober! Spennande, morosamt – og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!

Smalahovesleppet

03.10-04.10

Smalahovesleppet er ein matfestival for tradisjonsretten smalahove (sauehode). Festivalen blir holdt kvart år på Voss, i månedskiftet september/oktober.

Sleppet har lang tradisjon på Voss og er ein folkefest både for Vossingar og tilreisande. Matfestivalen har blitt utvida mykje sidan dei fyrste åra og inkluderar no kjekke aktivitetar for alle aldersgrupper, heile helga. Det vert torgdag med aktivitetar og marknad, revy, smalahovemiddag og mykje meir. For dei minste er det "badnaslepp" med sauen Hiri show, musikk og sykkelløyper svært populært.

smalahovesleppet på voss
Smalahovesleppet på Voss. Foto: Åsmund Aarsand

Program: 

Opplev det einaste Smalahovesleppet i verda, på Voss! Ein smaksrik fest og eit kulturelt høgdepunkt med noko for alle. Med musikk og underhaldning tre dagar til endes på Meieriet. Her får du oppleva både revy, show, konsert og sjølvsagt den høgtidelege Smalahovemiddagen. 

Fredag: Høgdepunktet på fredagen er Bondepub. Her får du dei aller beste revynummera frå Vossabygda på rad og rekke! Etterpå kan du forhandla om mjølkekvotar og gjerdeplikt i trygge omgjevnader. Dans og krangling med naboen etterpå!

Laurdag: Vangsgata aular heile dagen. Her vert det blant anna Herborg & Hiri Show for dei minste, gode tilbod i butikkane og ikkje minst held me konkurranse i eting av smalahove.

Smalahovemiddagen:
Me lovar fyrsteklasses Smalahove frå Løne, underhaldning, og garanterer dansestemning med band, utover kvelden. Den einaste festen der du kan eta med kniv og gaffel i florsdressen!

Stad: Meieriet, dørene opnar kl: 19.00, middag, underhaldning og dans kr 850,-

Enkeltbillettar og festivalpass her

Søndag: Me anbefaler å starte dagen med ein tur til Voss Folkemuseum. Her er det komme ei flott utstilling som viser Voss gjennom tidene og dei har eit interaktivt kart over Voss sentrum frå år 1930 slik at du kan gå gjennom gatene slik dei såg ut den gongen. Før du tar turen heim bør du ta turen til Vangen Café, her blir all maten laga frå botnen av og dei har mykje lokalmat på menyen. Skikkeleg salt tradisjonsmat er perfekt på ein søndag etter festival. 

Sjå fullt festivalprogram her.

Osafestivalen

22.10 - 25.10

I løpet av fire dagar kvar haust er Osafestivalen ein arena for sterke musikalske møte. Det er både tradisjonell folkemusikk og nykomposisjonar på programmet. Ein treng ikkje reisa til storybyen for å oppleve kultur! 

Program for Osafestivalen:

Torsdag: Festivalen kan du starte med å dra på opninga av festivalutstillinga. Ingrid Helland er årets festivalkunstnar. Helland arbeider med teikning og grafikk, motiva balanserer mellom det vakre og det urovekkjande. Resultatet er eit biletunivers i stadig røyrsle mellom tradisjon og fornying, alvor og leik.

Ein god middag med lokale og tradisjonelle råvarer finn du på Store Ringheim og på Park hotell finn du spanande kombinasjonar av mat og vin i verdsklasse. 

Fredag: For å verkeleg sette uttrykket tradisjon møter samtid på prøve anbefaler me å nytta formiddagen til å fly i vindtunnelen til Voss Vind. Voss Vind er ope heile året og alle over 5år kan komma å fly. Den eldste som har flydd var 102 år ung!

Etter flyginga er det på tide med litt kultur og då passar det perfekt med ein konsert med Arvas. Arvvas betyr «å jobba frå hjartet, å ha energi» på nordsamisk. Energien er kjerna i musikken som foreiner to musikalske tradisjonar – joik og americana. Med Raknes si djupe stemme og kontrabass, og Gaup sin klangfulle, tradisjonsrike joik, smeltar to verder saman til éi.

Hovudopninga vert i idrettshallen kl 18:30, med konsertar på løpande band!

Sjå fullt program her

Lørdag: Denne dagen er det fullt program med både stikk innom-konsert, musikalsk prøverom, dans, tingingsverk og sjølvsagt fleire konsertar. Me anbefaler å velje seg ut nokre innslag frå Osafestivalen sitt program og elles følge stemninga gjennom dagen. Kva med å starte dagen med ein kosert i ærverdige Vangskyrkja, med Nils Økland, kl 10:30? I ungdomshallen kan du ta med borna på showet "Er heime der du bur" kl 14:00. Laurdag kveld er idrettsplassen staden å vera, her spelar blant anna Floating Sofa Quartett opp til dans. 

Mellom konsertar og framsyningar kan du gå rundt i Voss sentrum og kjenne på festivalstemninga. Ein god kaffikopp eller lokalt brygg bør få plass i dagens program og det finn du på t.d. Skrot Kafé og Bar. På Park Hotell Vossevangen kan du kombinere mat, musikk og vin (eige billett må tingast via Park).

Søndag: Ein av dei største attraksjonane på Voss er Voss Gondol. På søndagen anbefaler me å ta ein tur til Hangurstoppen. Er det kaldt ute kan ein nyte utsikta frå restauranten på toppen, men om ein vil kjenne på litt frisk fjelluft før siste runde med konsertar kan ein gå både korte og lengre turar frå Hanguren. Du finn vandrekart over område både i turistinformasjonen og på toppstasjonen.

Søndagen bør du avslutta med ein siste konsert. Enten the Bulgarian Voices – Angelite i Nain, eller høyr Irene Tillung og Synneva Gjelland tonesetja dikta til ein av Voss sine mest kjende lyrikarar, Signe Seim, i Osasalen. 

Sjå fullt festivalprogram her.

Reise:

Me anbefaler å ta toget til Voss og helst på formiddagen, då får du litt ekstra tid i bygda. Skal du bu utanfor sentrum kan du leige bil, eller ringa VossaTaxi. Gjer gjerne turen til ei langhelg, t.d. fredag til mandag. Søndagskvelden er like fin i bygda og då slepp du stå i kø eller sitte trangt på toget på veg heim att. 

Reise frå Oslo til Voss
Tog: Circa 6 timar
Buss: Circa 8 timar og 45 minutt (med bussbytte)

Reise frå Bergen til Voss
Tog: Circa 1 time
Buss: Ca 1 time og 30 minutt

Tog og buss til Voss finn du her!
 

haustbilete utsikt voss

Natur

Skal du til Voss om hausten bør du sette av litt tid til å oppleve naturen på Voss og i Vossafjella. Det er mange fine turar i nærleiken av sentrum, så du treng ikkje ha bil for å nyte naturen. Sjå våre tips til grøne fjellturar her. 

Bordalsgjelet (eit naturlig forma juv). Dette er ein fin ettermiddagstur i flatt terreng. Turen går gjennom Prestegardsmoen, over den prislønna Tintrabruet og vidare inn til juvet. Her er det tilrettelagt med infoskilt og ulike stiar. Det tar ca 45min å gå kvar veg. 

Panoramaløypa, på Hangurstoppen. Tar du gondolen kjem du rett til fjells. Toppstasjonen er perfekt utgangspunkt for både korte og lengre turar. Panorama rundløypa starter rett utanfor toppstasjonen. Dette er ein lett tur som passer for alle målgrupper også dei med barnevogn. Løypa, som er ca 800 meter, byr på vakker panoramautsikt over Vossafjell, Lønavatnet og Voss sentrum. Det er også satt ut fleire rammer å ta bilete i, ein varde og Hangurshusko. Les meir om Voss Gondol her.

Topp 10 Instaspots på Voss. Her finn du mange fine plassar å ta bilete eller berre å utforske.

Ein guide til fossefall på Voss. Her finn du dei finaste fossane i bygda, ei frisk oppleving mellom konsertar og show.

Attraksjonar:

Treng du ein pause mellom konsertar eller har nokre timar til overs før du skal heim? Då er desse attraksjonane perfekte:
 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Mat

På Voss har me mange unike restauranter. Mat-tradisjonane står sterkt i bygda og mange er spesielt opptatt av å servere lokale produkt og kortreist mat. Sett av tid til ei ny matoppleving!

Lyst å prøve noko heilt unikt, tradisjonsrikt og spesielt? Besøk Voss under Smalahovesleppet.

Er du glad i vin bør du legge middagen til Park Hotel og restaurant Elysee. Park har vunne mange prisar for vinkjellaren sin, bl.a. «Verdens beste vinkart 2020» og beste vinkart totalt sett 2022 av Star Wine List.

Utforsk kaféar på Voss her:

<% totalFilter %> filter applicerade

Treng du overnatting? Sjå her:

<% totalFilter %> filter applicerade