cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
cbis:1842256
Finse

Finse 1222

Hotellet på Finse ligg på Bergensbanen sitt høgste punkt, 1222 meter over havet.

Hotellet åpna fyrste gong i 1909, samtidig som Bergensbanen vart ferdigstilt. Du kan kun nå Finse med tog eller til fots. Stasjonen ligg litt over ein time med tog frå Voss, og 4,5 timar med tog frå Oslo. Hotellet ligg på perrongen, med nydeleg utsikt over Hardangerjøkulen. Finse er omkransa av fantastisk natur, og alt ligg til rette for vakre naturopplevingar, både vinter og sommar. Finse 1222 har vintersesong frå nyttår til utgangen av mai, og sommarsesong frå juli til slutten av september.

Hotellet har 41 rom og 109 senger. Over halvparten av romma er dobbeltrom, og det er også nokre få enkeltrom, to større rom med eigen veranda og utsikt mot Hardangerjøkulen, og fleire større rom til tre, fire og fem personar som passar godt for familier eller grupper.

Romma:
Romma er enkelt utrusta, og er ljose og fine. Alle rom har eige bad med toalett og dusj. Nokre rom har utsikt mot Hardangerjøkulen, og andre er vendt mot Finsenut. Det finst også nokre budsjettrom, som er rom med enklare standard. Også her har du eige bad.

Klikk her for å lesa meir og for å bestilla!

Aktivitetar sommar:
På sommaren kan ein utforska Hardangerjøkulen med stegjern på ein guida bretur, sykla den flotte sykkelturen Rallarvegen frå Finse til Hallingskeid eller Flåm, besøkja Rallarmuseet, vandra i to av Noreg sine vakraste nasjonalparkar og ta turen inn i eit enormt nettverk av merka og umerka fotturar.

Aktivitetar vinter:
Anten du skal utforska det urørte terrenget rundt Finse på fjellski, fly over dei langstrakte viddene med skisegl eller oppdaga den polare ånden frå eit hundespann er Finse det perfekte utgangspunktet for ekte vinteropplevingar. Enkelte helgar er også Finse skisenter ope med sitt 900 meter lange trekk. I løpet av vinteret vert det også arrangert skiseglkurs med jamne mellomrom på Finsevatn. Ein trugetur med hovudlykt kan også vera ei fin oppleving!

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Handikapvenleg
  • Badstu
  • Restaurant
  • TV
  • Nært naturen
  • Hårfønar
  • 24-timars innsjekking
  • Alpinanlegg
  • Fjellområde
  • Babyseng tilgjengeleg
  • Fjellutsikt
  • Gratis Wi-Fi
  • Langrennsspor

Map