Påskeferien på Voss

Påsken på Voss betyr fjell, ski, snø og eit yrande liv i sentrum. Både i Voss Resort og Myrkdalen er det fult av sprell og kjekke aktivitetar. Det er varmare i lufta, medan snøen framleis ligg kvit og fin i fjellet. På Voss finn du påskestemninga!

Eit par høgdepunkt å ta med i planleggina av påskeferien:

Voss Ski og Tursenter:
Ved å starta frå Herresleitet kjem ein raskt inn i eit fantastisk turterreng. Her ligg ei fin turløype som blir kalla «Juvelen». Det er mange snarvegar langs løypa slik at du kan velge å gå kortare eller lengre rundar. Juvelen kan også gåast som ein lang tur på om lag 12km frå stadion.

 Voss Bowling og Leikeland:
Hjå Voss Bowling og Leikeland flyg tida. Her er det mange forskjellige spel, som shuffleboard og billiard, samt brettspel og ein veldig populær nintendo. Dei har også café med både middag, snacks og slush. Sjølvsagt har dei også mange bowlingbanar og eit stort leikeland. 

Utforsk Bergen med Voss som base:
Det er enkelt å reise til/frå Voss. Bygda er eit knutepunkt for tog og buss og ligg sentralt plassert på Vestlandet. Det er mange daglege avgangar mellom Bergen og Voss, togturen tek ca 1t og 15m. I Bergen kan du bl.a. sjå Bryggen, Akvariet og Fløyen.

 

La deg inspirera!

Her kan du sjå nokre av våre mest leste artiklar rundt påskeferien. Meir inspirasjon finn du her "Vinter på Voss".

Våre skisenter

Voss resort, eit av tre skianlegg på voss

På Voss har me heile tre skisenter! Her kan du utforska ein ny dal eller eit nytt fjell kvar dag.

Langrenn

skitur i påskesol på voss

For mange betyr påsken skitur med kvikk lunsj, solo og appelsin i sekken. Her er våre beste tips til langrennsturar på Voss.

Voss som base

Topptur i Hardanger med hardanger fjellguide

På Voss har du ein perfekt base for å utforske Vestlandet. Du kan enkelt ta ein dag i Hardanger eller Bergen frå Voss. 

Rimelege aktivitetar

mølstertunet om vinteren, voss folkemuseum

Tips til gratis og rimelige aktivitetar på Voss. 

 

Vinteropplevingar på Voss

Sjå alle våre vinteraktivitetar her, eller bla i lista under. 

<% totalFilter %> filter applicerade

Overnatting

Sjå oversikt over ulike typar overnatting her, eller bla i lista under. 

<% totalFilter %> filter applicerade