Rimelige aktivitetar på Voss

Er du på jakt etter aktivitetar som er snill mot lommeboka? Her er ein oversikt over billige og gratis ting å gjere på Voss. 

Voss Resort

Barnebakken Grebbesbakken ligg i Bavallen og er heilt gratis. Her kan borna få ein tidleg og trygg start på ski. Det 50 meter lange skibandet har ei svak helling, og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt idéelt for dei minste å trena seg til å bli flinke på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert også brukt av vaksne nybyrjarar som vil ha ein forsiktig start. 

Trollbakken er også ein gratis barnebakke med skiband. Denne ligg på Hangurstoppen og er best å koma til via Gondolen. 

barn på ski barnebakken, voss resort

Foto: Voss Resort 

Myrkdalen

I Myrkdalen finn du eit samanhengande løypenettverk for langrenn og turski. Fyll sekken med ved, spade, god mat og drikke og spenn på dykk skia rett utanfor Myrkdalen Hotel. Ta ein runde rundt stadion, bygg hopp og leik i snøen eller legg ut på langtur mot Revhaugen eller Bygdadalen. Etter skituren kan de ta middagen på Tunet, pizzarestauranten på Myrkdalen Hotel. 

Det er gratis å parkere ved Myrkdalen Hotel.

Voss Ski og Tursenter

Voss Ski og Tursenter har mange fine område for langrenn og fjellski. Frå sentrum er det kun ein 20min køyretur. Her kan du velge mellom løyper med utsikt mot sentrum, korte rundar rundt stadion eller løyper mellom trea i ly for vind og vær. Med dei minste er det fint å gå frå stadion eller Herresleitet og opp til kvilehytta. 

Pris: Parkering her kostar kr 100 for ein dag. Køyr gjerne samla om de er fleire som skal opp.  

Badstove på Voss Vandrarheim

På Voss Vandrarheim kan du nyte spafølelsen i deira vedfyrte badstove. Det er ekstra morro om du tørr bade eller rulle deg i snøen mellom øktene i badstova. Du kan leige heile badstova om du er ein gjeng eller dra på drop-in time kvar måndag og fredag.

Pris: kr 150 pr time, per person
 

leik og morro på tunet utanfor voss folkemuseum

Voss Folkemuseum

Voss Folkemuseum har aktivitetar og temadagar for born. Om vinteren har dei ein av dei beste akebakkane i bygda og arrangerar akedag der du kan låne akebrett om du treng. Dei har også ei kjempe flott basisutstilling som er tilgjeneleg heile året. Her kan du bl.a. gå gjennom Vangen på 30-talet i eit dataspel-liknand program og sjå korleis butikkane kanskje såg ut på Vangen. Me anbefalar å bli med på ei omvising av basisutstillinga om mogleg (inkludert i inngangsbilletten).

Pris: kr 115 pr vaksen, born går gratis

Opningstider vinter:
Mån-fre 10-15
Søndag 12-15

Voss Bowling og Leikeland

Voss Bowling er eit stort aktivitetssenter med fleire spennande inne-aktivitetar, lokalisert midt på Vossevangen. Leikeland er fordelt over 3 høgder og meir enn 300 kvm areal. Her kan borna hoppe, klatre, balansere, skyte på blink med ballkanonane, leike i ball-rommet og skli i ulike rutsjebaner.

I kvardagen er det litt billigare:
Bowling frå 100 pp
Leikeland, born 1,5 - 17 år: kr 165

Voss Fallskjermklubb

Voss Fallskjermklubb har bygd ut Voss sin beste leikeplass ved landingområdet sitt. Dei har også fått pumptracken som tidlegare stod på Vangen flytta opp dit. I tillegg til alle leikeapparata er det svært kjekt å sjå på flya og alle fallskjermhopparane som kjem inn for landing. Mat og drikke får du også tak i på Landinga Café. 

streetart på voss, pokemon

Småturar i sentrum

Gatekunst i sentrum: gå ein tur i sentrum og sjå om de kan finne alle gatekunstverka på Vangen. Bruk gjerne våre guide "Gatekunst på Voss". 

Bruk opp energien i Voss Aktivitetspark. Voss Aktivitetspark ligg mellom Prestegardsmoen og Prestegardsalleen, her finn du både treningsapparat (som for mange fungerar som leikeapparat), rullepark og volleyballbanar. Innover i Prestegardsmoen er det mange fine turstiar og ei lang strand ein kan gå langs. 

Bergsliløypa er ei kulturløype som går i sentrum av Voss. Det er 7 postar som fortel historia om dei tre Bergslikunstnarane. Du kan sjå postane her eller hente brosjyre hjå Voss Turistinformasjon eller Voss Folkemuseum. 

Bordalsgjelet gorgje
Bordalsgjelet

Attraksjonar 

Sett av litt tid til å sjå på attraksjonane i sentrum og rundt på Voss. Her er det mykje historie som går langt, langt tilbake i tid. Her er nokre attraksjonar du ikkje treng betale for å sjå:

Vangskyrkja ligg midt i sentrum og er eit naturleg stopp for dei fleste som er innom Voss.

Bordalsgjelet (kun vår, sommar og haust) er den mest populære naturattraksjonen på Voss. Her er tilrettelagt med natursti og fleire utkikkspunkt. Du kan både gå, sykle eller køyre til Bordalsgjelet. Turen frå sentrum er veldig fin så me anbefalar å gå. 

Nesheimstunet er truleg eit gamalt høvdingsete frå Vikingtida. Det ligg i nordenden av Lønavatnet, ca 16km utanfor Voss Sentrum. Det er ikkje faste opningstider på Nesheimstunet, men uteområdet er ope for publikum.

Ikkje så langt frå Nesheimstunet finn du også Tvindefossen. Fossefallet er 110m høgt og er ein stor attrakjson i bygda. Fossen har fleire nivå nedover og mange trur den er menneskeskapt på grunn av si spesielle uforming. Fossen er spesielt kjekk om våren, då vassføringa ofe er høg.