Utforsk elvene på Voss

Dei fyrste som forelska seg i elvene på Voss var ekstremsport utøvarane og det er også dei som kjenner elvene best. Bli med dei på tur så får du sjå dei aller beste og skjulte perlene!

 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

 

Rafting i Raundalselva

rafting og bading i raundalselva på Voss
Foto: Voss Active

Elvene på Voss er ikkje berre nydelege for foto dei er også naturlege berg- og dalbaner. Bli med Voss Active eller Outdoor Norway på whitewater rafting. Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spanande, morosamt og passar for nybyrjar så vel som erfarne! Vasstanden avgjer om ein raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse. 

Kajakk (havkajakk og elvekajakk)

elvepadling med voss flow
Foto: Voss Flow

Å padle kajakk på Voss er kjekt både for dei med lite og mykje erfaring. Her finn du varierte elver for alle ferdighetsnivå. Bli med på kurs med Voss Flow, Vått og Vilt, Kayak Voss eller Outdoor Norway. Har du ikkje tid til eit kurs kan du blir med på ei kortare økt både hjå Kayak VossVoss Flow og Vått og Vilt. Vil du oppleva skikkeleg adrenalin vil me anbefale deg å bli med på ein tur i tandem kayak. Her får du verkeleg kjenne på kroppen kor store krefter elva har. Det har ingenting å seia om du har lite eller ingen erfaring - du sit i front av kajakken og guiden sit bak og styrar. Her får du oppleva nokre av dei beste elvane i Europa. 

Guida sup tur

  

Frå eit SUP-brett får du eit heilt anna perspektiv på elvene. Ut i frå ferdighetsnivå i gruppa før ein cruise ned Vosso eller Raundalselva. I raundalselva er det også nokre litt større stryk - ikkje dra på denne turen utan kvalifiserte guide! Her blir det mykje tid til bading og å utforska elva tett på. 

Juvving

juvvandring på voss i spektakulære raundalselva
Foto: Voss Active

Juvvandring er ein spennande aktivitet som blir tilbydt når vasstanden i elvene er låg. Du får utforske juv i spektakulære Raundalselva. Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å svømme, klatre og hoppe langs med elva i juvet. 

På alle aktivitetane tek dei seg god tid og du får sjansen til både å bade og å ta bilder.