Elvebading
Har du blitt inspirert av flotte Instagramfoto av blå, krystallklare elver? Dette bør du tenke på før du legg ut på badetur:
Bading på eige ansvar
Ei hemmeleg perle har ingen badevakt. All bading i elver skjer på eige ansvar og me anbefaler deg til å aldri bade aleine.
Elva forandrar seg frå dag til dag.
Sjølv om elva er den perfekte badeplassen ein dag kan ho neste dag vera full av farar. Straumane i elva kan dra deg under vatn og gjere det vanskeleg å svømme. I verste fall kan du blir trekt under ein stein og bli sittande fast.
Ein må berre bada når vasstanden er låg - ikkje hopp uti om du er usikker.
Bruk sunn fornuft
Vurder heile tida naturkreftene opp mot eigen kunnskap. Klarar du å lese elva og kvar straumane går? Ser du etter virvlar og kvitt vatn? Vurder dine eigne svømme kunnskapar.
Eigenredning
Prøv å kom deg i land. Svømm i 90 grader rett til sida. Blir ein tatt med i eit stryk er det best å legge seg på ryggen med henda rett ut og beina peikande ned. Når elva blir rolegare kan du legga deg på magen å symje rett mot land.
Ta vare på naturen
Naturen er noko av det flottaste me har. Me deler den gjerne med deg og andre mennesker i mange år framover. Langs elvene er det ikkje tilrettelagt med søppelspann og toalett. Rydd opp etter deg.
Unngå gjerne å tagge eller merke eksakt lokasjon. På denne måten blir trykket mindre på enkelte plassar.
Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker vegen eller parker framfor traktoren/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.