Foto:
Erica Clapp
Badeplass på voss

Den store badeguiden

Voss har så mange gode badeplassar som du kan nyta om sommaren (og resten av året, om du vil)! Her er våre utvalde tips til dei aller beste plassane.

NB! Elva forandrar seg frå dag til dag. Ta eigne vurderingar av korleis vatnet ser ut, kvar straumen går og kor fort den går. Ein må berre bada når vasstanden er låg - ikkje hopp uti om du er usikker.

Ikkje bad aleine. Bading skjer på eige ansvar. 

Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder

Fjord og vatn:

Voss er omringa av fleire vatn som kan koma opp i veldig god temperatur på sommaren! Perfekt for deg som ynskjer ein avslappande badetur i naturskjønne omgjevnader.

Vangsvatnet (ved Grandane):

badeplass på voss, vangsvatnet  vangsvatnet, badeplass på voss  sup på vangsvatnet
Foto: Karoline Fosse

 

Om plassen:
Dette er utvilsamt den mest tilgjengelege badeplassen om du er på Voss - berre fem minutt å gå frå handlegata på Vangen. Lang badestrand, og flott friluftsområde med skog og stier like bak badestranda. Langgrunt dei fleste plassar, men ytterst på stranda er det fleire plassar ein ikkje treng å gå langt for å legge på svøm. 

Korleis koma seg hit:
Køyr eller gå til fots til Voss Camping.

 

Langs Granvinsfjorden

stuper uti granvinsfjorden   dame ser på granvinsfjorden, med fossefall
Foto: Karoline Fosse

Køyr om lag 25km frå Voss, mot Granvin. I Granvin kjem du til fjorden. Herifrå kan du køyre langs fjorden og plassane kjem som perler på ei snor. Så mange fine plassar å velje mellom. 

 

Oppheimsvatnet ved Haugsvik:

Haugsvik

Om plassen:
Reis på badetur til Vossestrand! I Haugsvik finn du ein tilrettelagt badeplass med ein triveleg liten strand. Pluss for topp utsikt og flytande hoppetårn!

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr frå Voss på E16 i retning Oslo. Etter kring ein halvtime (i 60-sona mot slutten av Oppheimsvatnet) kjem det skilt mot Vasstrondi til høgre. Ta inn her og fylg vegen nokre hundre meter bort til badestranda. Her finn du også nokre parkeringsplassar langs vegen.
Med buss: Ta buss nummer 950 eller 4500 til Haugsvik. Fylg beskrivelsen over og gå til badestranda til fots (kring 10 minutt).

 

Vetlavatnet:

vetlavatnet  vetlavatnet

Om plassen:
Vetlavatnet er nesten alltid den varmaste innsjøen på Voss om sommaren. Her finn du ein koseleg liten badestrand, nokre svaberg ein kan liggja på, og ein benk. Nydeleg utsikt mot både Gråsida og Lønahorgi!

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr frå Voss og mot Oslo på E16 til du kjem til Tvindefossen. Ta inn til høgre mot Nesheim og golfbanen og køyr kring ein kilometer. Når du har Hefte Gard (stort, kvitt hus) på venstresida tek du til høgre på ein veg som går inn til ein liten parkeringsplass. Fylg stien ned til vatnet.
Med buss: Ta buss nummer 950, 970 eller 4500 til Tvinno. Fylg vegbeskrivelsen over og gå til badestranda til fots (kring 20 minutt).

 

Valbergstjørni:

bading på hangurstoppen
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

Om plassen: 
Nydeleg lite fjelllvatn ved Røde Kors-hytta på Hanguren. Her kan du kombinera fjelltur og badetur og gå akurat så langt som du vil. Frå Hangurstoppen finn du fotturar på alt frå 3 km til 16 km! Frå Hangurstoppen/toppstasjonen til Voss Gondol går det ei T-merka rundløype på 3 km rundt vatnet. Frå vatnet har du flott utsikt mot Lønahorgi! Her er det også tilrettelagt med badebrygge og livredningsbøye. 

Korleis koma seg hit:
Ta gondolen til Hangurstoppen, eller gå til fots til Hangurstoppen frå Bavallen eller Voss folkemuseum. Til fots må du rekna eit par timar opp. Fylg skilt til merka rundløype på 3 km (Grebbesløypa). Denne stien tek deg bort til vatnet.

 

Demmo/Monsvatnet:

demmo  demmo
Foto: Karoline Fosse

Om plassen:
Flott badeplass like ved Flatlandsmo Camping som har noko for alle og ein kvar. Badetsranda med brygge like ved campinghyttene er midt i blinken for barnefamiliar. Fem minutt unna til fots finn du hoppetårnet, der dei tøffaste kan prøva seg frå både 7-meteren og 12-meteren. På andre sida av vatnet er det også laga til ei sklie. For å koma hit må du parkera ved industriområdet på Istadmyrane.

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr på Rv13 frå Voss og mot Granvin i kring 15 minutt, til du ser skilt mot Flatlandsmo Camping. Parker på campingen (20 kr).
Med buss: Ta buss nummer 925 eller 990 til Flatlandsmo. Gå gjennom campingplassen og ned til badestranda.

 

Lundarvatnet:

Lundarvatnet  Lundarvatnet

 

Om plassen:
Ein passande plass om du vil vera litt meir for deg sjølv på badetur, kun fem minutts køyring unna sentrum. Her kan du nyta utsikta av både Gråsida og Lønahorgi medan du plaskar rundt!

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr til Skulestadmo, og ta av ved Coop Xtra-butikken der det er skilta mot Nesheim. Like etter du har passert raftingsenteret (Voss Active) tek du til høgre på ein grusveg. Etter å ha passert nokre hus finn du ein liten parkeringsplass. Herfrå kan du fylgja stien bortover langs vatnet, og bada ein plass på vegen.
Med buss: Ta buss nummer 950, 970 eller 4500 til Skulestadmo. Fylg beskrivelsen over og gå til innsjøen til fots (kring 15-20 minutt).

 

Evangervatnet:

Evangervatnet

Om plassen:
Evanger er ei sjarmerande lita bygd, kun 15 minutt med bil frå Voss. Og her er det sjølvsagt også eit vatn du kan bada i! Perfekt om du er på ei lita utflukt utanfor Voss sentrum. Evangervatnet har fleire badeplassar, og her har me valt ein liten badestrand på sørsida av vatnet.

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr på E16 frå Voss og i retning Bergen i kring 20 km, til du kjem til Evanger. Ta til venstre mot Evanger stasjon frå E16. Køyr forbi stasjonen og fylg vegen vidare (parallelt med E16) i nokre hundre meter til du kjem til ei parkeringslomme på høgre hand. Her finn du ein liten badestrand nede med vatnet.
Med tog: Ta lokaltoget frå Voss mot Bergen, og gå av på Evanger. Fylg beskrivelsen over og gå til badeplassen til fots (kring 15 minutt).

Elvar og kulpar

I dei mange elvane som omkransar Voss har det forma seg jettegryter og kulpar som er veldig spennande å ta seg ein dukkert i. Her får ein kjenna på naturkreftene, og litt kaldare badetemperaturar enn i innsjøene. 

Bordalsgjelet:

Bordalsgjelet  bading i elv på voss  Bordalsgjelet
Foto 1 og 2: Visit Voss. Foto 3: Therese Leid

Om plassen:
På nedsida av brua ved den populære turistattraksjonen Bordalsgjelet er det ein kulp som egnar seg fint for bading om vasstanden er låg. Denne badeplassen er for dei aller tøffaste, som har lyst på ein skikkeleg fin naturoppleving i friskt og kaldt vatn.

Korleis koma seg dit:
Badeplassen ligg på nedsida av bilvegen, til høgre før du kjem til brua som går over Bordalsgjelet. Her går det ein tilrettelag sti ned til eit lite utsiktspunkt. Til høgre for dette utsiktspunktet kan ein klyva ned til kulpen. Kun for dei sprekaste! 

"Smilekulpen" på Mjølfjell

Smilekulpen

Om plassen:
Badeplass med smilegaranti! Dette er ein nydeleg kulp i Raundalselva med krystallklart vatn, lett tilgjengeleg frå vegen. Fine hoppemoglegheiter frå klippene på sida. Ved låg vassføring kan ein også klatra litt oppover elva, under brua. Me anbefalar å ta ei overnatting på Kårdal Fjellstove slik at du får god tid til å utforske område. Mjølfjell er eit svært fint område med mange tur og bademoglegheiter. Er du usikker på kvar du skal begynne - ta kontakt med Wild Voss for å få eigen guide med på turen. 

Korleis koma seg dit:
Med tog: Ta toget frå Voss til Mjølfjell. Dette er det klart lettaste alternativet, då vegen hit er smal og ganske dårleg.
Bil: Køyr frå Voss og opp Raundalsvegen mot Mjølfjell. Etter kring 30 km kjem du til skilt med avkøyrsle mot Mjølfjell stasjon. Køyr forbi her, og fortset i nokre kilometer til du kjem til ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen (der turstiane mot Ljosandalen startar). Kulpen er på nedsida av vegen, under brua.

 

"Gryto" på Vinje:

Gryto

 

Om plassen:
I denne store jettegryta på Vinje kan du nyta naturens eige boblebad! Kulpen er over fire meter djup, og det er moglegheiter for å hoppa frå fleire plassar på sida. Rett bak kulpen (lenger ned i elva) finn du ein badeplass med litt grunnare vatn som høver betre for dei minste. 

Korleis koma seg hit:
Fylg E16 frå Voss og til Vinje. Køyr rett frem i rundkøyringa på Vinje, og parker i nærleiken av kyrkja. Badeplassen ligg 500 meter etter rundkøyringa, på høgre sida av vegen, bak eit kvitt hus. Fylg sti ned til høgre for ei brufor å koma ned til kulpen.

 

God badetur, og hugs å ta med deg søppel frå badeplassane når du går! :-)