CBIS 6328270
CBIS 6328258
CBIS 6328259
CBIS 6328260
CBIS 6328261
CBIS 6328262
CBIS 6328263
CBIS 6328264
CBIS 6328265
CBIS 6328266
CBIS 6328267
CBIS 6328268
CBIS 6328269
Vis hele bildet
Skulestadmo

Eenstunet

Ein gard med hus til leige i vakker vestlandsnatur.

Eenstunet ligg like ved E16, 6 km nord for Voss sentrum. Garden vår ligg i vakker vestlandsnatur, med bratte fjellsider som strekkjer seg opp mot Lønahorgi på eine sida, og grøne skogkledde åsar på den andre.

Utearealet er ein svært familievenleg med god plass å boltre seg på. Garden grensar til Strandavassdraget med fin ferskvassaure. Båtutleige. Utgangspunktet er svært godt for ulike friluftsaktivitetar som jakt og fiske, fjellturar, rafting, sykling etc. Om vinteren er utearealet vårt glimrande for alle slags aktivitetar (skileik, akebrett, kjelke). Me har flott utsikt mot skianlegget i Bavallen, og køyretida herifrå er ca. 10 min.

Dei ulike husa:

Gamlastovo: Gamlastovo frå 1870 har 9 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Den har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj, badekar og toalett. I tillegg er det eit toalett i 2. etasje

Kårhuset: Kårhuset frå 1920 har 9 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Det har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj og toalett. I tillegg eit toalett i 2. etasje. Kårhuset er på ca. 80m2.

Bualoftet: I stabburet frå 1700–1800 talet er det ei 4–sengs leilegheit på ca 50m2 (2 soverom), og ei 8–sengs leilegheit på ca 75 m2 (3 soverom). Her er dei gamle lafta tømmerveggane og golva bevarte, og dei restaurerte romma er kledde med villmarkspanel. Leilegheitene har eige bad med dusj og toalett, fullt utstyrt kjøkken og TV.

Ingjerdhuset: Ingjerdhuset frå 1950-talet har 9 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Det har fullt utstyrt kjøkken, stove, bad med dusj og toalett. I tillegg har huset eit rom med toalett og vask.

Klikk her for å bestilla!

Bestill her

Kontaktinformasjon

  • +47 99 59 74 19

Produktegenskaper

  • TV
  • Nært naturen
  • Vandrestiar
  • I nærleiken av fjell
  • Utandørs parkering (gratis)
  • Fjellutsikt
  • Gratis Wi-Fi

Map