Jordalen og Bakkanosi

Jordalen er ein skjerma liten fjelldal i utkanten av Nærøyfjorden verdsarvområde med eit levande lokalsamfunn. Mange av dei fastbuande er bønder, og dei nyttar naturen i den grøderike dalen og dei kringliggande fjellområda til husdyrbeite. Vår anbefaling er å ta turen med guide, eller å gå til nabotoppen Breiskrednosi, med Wild Voss.

Bakkanosi, frå Jordalen
Foto: Peter Bartel | Myrkdalen

Jordalen har dei siste åra opplevd ei sterk auke i vandreturistar som skal til Bakkanosi for å oppleve den spektakulære utsikta utover Nærøyfjorden. Trafikken er til tider så stor at det skapar negative utfordringar for lokalbefolkninga og naturen. Me ber deg difor ta omsyn og fylgje våre enkle oppfordringar når du besøker dette unike området. 

Hugs at du er gjest her.

sporlaus ferdsel, info   kartinfo jordalen - bakkanosi

Hugs at du må ha hunden i band slik at husdyr på beite og ville dyr ikkje vert skremt eller skada, i dette området er det bandtvang for hund heile året.

Turen til Bakkanosi er ein lang fjelltur

Turen til høgfjellmassivet er krevjande, og går på umerka, til tider utydeleg sti. Belønninga du får når du kjem til toppen av Bakkanosi er ei spektakulær utsikt utover Nærøyfjorden verdsarvområde og Sognefjorden.

Stigning: 580 - 1398 meter
Lengd: 20 km - 8 timar tur/retur
Sesong: juli - september
Vanskeligheitsgrad: Raud (krevjande)
Startpunkt: Jordalen, ved grendahuset
Turkart: Nærøyfjorden 1:50 000 og boka "Opptur i Hordaland"
Merknad: Denne turen er ikkje merka, og krev at ein har med seg kart og kompass

NB - Unngå snøskavlane på kanten ved Bakkanosi, også sommarhalvåret! 

Turen til det kjende fjellmassivet Bakkanosi, startar ved Jordalen grendahus. På turen kan du møte både ville og tamme dyr, vis omsyn til dyra. Fjellet her er også leveområde for villrein, hald hunden din i band på heile turen!

Vegen til Bakkanosi går via Slettedalen, kor du passarar nokre frodige sommarstølar som lokale bønder nyttar når dei skal sjå etter dyra sine. Vis omsyn, hald avstand til stølane og ver merksam på at ein i utmark kan telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte.

Parkering
I Jordalen har grunneigarar lagt til rette med parkeringsplassar du kan bruka mot parkeringaavgift (Vipps eller kontakt). Desse er godt skilta, sjå markering med P på kartet over. Bruk desse og ikkje parkering langs vegen. Parkering langs vegen skapar store utfordringar for lokale bønder som må kome forbi med traktor, og for utrykkingskøyretøy, med meir. Finn du ikkje parkering, vil me rå deg til å reisa til eit av dei andre fine turmåla du finn på nettsida til Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden. Turen til Breiskrednosi, eit av nabofjella til Bakkanosi med minst like god utsikt, som kan anbefalast som eit godt alternativ. Tur til Breiskrednosi, via Rimstigen