cbis:1843005
cbis:1843005
cbis:1843005
cbis:1843005

Smak og tonar med Johannessen og Hjeltnes i Myrkdalen

For tredje år på rad arrangerer me det populære arrangementet Smak og Tonar på Myrkdalen Hotel. Kvelden byrjar med musikalsk show med pianisten Sjur Hjeltnes. Etterpå blir det 4-rettars middag som mesterkokken Ørjan Johannessen har komponert og laga.

DATO: Laurdag 16. november

PRIS
Pris: Kr 1650,- per person
Show med Sjur Hjeltnes, 4-rettars middag med drikke er inkludert i prisen. Kvart år har dette arrangementet blitt utseld - bestill difor tidleg for å sikra deg billett til denne kvelden.

Show: Kl. 18.00
Middag: Kl. 20.00

ØRJAN JOHANNESSEN
Ørjan Johannessen er frå Austevoll i Hordaland og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon!

SJUR HJELTNES
Sjur er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt frå dei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken.Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris, han har spelt det meste mellom Deep Purple og Fartein Valen og han har vore kapellmester, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. Sjur er for tida kapellmeister på «Eides språksjov» på NRK1.

Kontaktinformasjon