Foto:
Voss Fallskjermklubb
tandem fallskjermhopp
Foto:
Outdoor Norway
rafting på voss, med voss active
Foto:
Voss Active

Ein aktiv ferie på Voss - dette vil du ikkje gå glipp av

Om du jaktar tips til ein innhaldsrik sommarferie, gjerne med fart og spenning, er Voss staden å leggje turen til i år. Bygda kjent for Ekstremsportveko kan dette med å utnytte elementa maksimalt for å skape gode opplevingar.

Vel deg eit vossaeventyr og du vil neppe angre. I denne Vestlandskommunen ligg alt til rette for ein aktiv Noregsferie - både til lands og til vanns, og i lufta med. 

Lufta er for alle

For å få best utsikt over den vakre naturen kring Voss, er det verdt å ta ein tur opp i høgda, og det manglar ikkje på moglegheiter for dette. Dei ekstra vågale kan anten paraglide frå Hanguren eller gjennomføre tandemhopp i fallskjerm og oppleve 40 sekunders fritt fall i 200 kilometer i timen. 

For ein rolegare tur i høgda kan ein tur med Voss Gondol anbefalast. Banen stig 764 høgdemeter og på veg opp og ned får du ei spektakulær utsikt over Voss, fjord og fjell. Gløym heller ikkje Voss Vind, der du kanfly som Supermann i Noreg sin første vindtunnel. Få kjensla av eit fallskjermhopp i heilt trygge omgjevnader.

Voss Vind
Foto: Sverre F. Hjørnevik
 

Les også: Sjå heile utvalte av våre aktivitetar 

Vått, vilt og vakkert

Utvalet av vassbaserte aktivitetar på Voss er breitt. Her kan du velje mellom aktivitetar som rafting, elvepadling, havpadling, SUP, leige av båt, eller fisketur med kanopadling. Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss, og passar både erfarne og nybyrjarar. Her får du garantert ei fantastisk oppleving i internasjonal klasse!

Voss Active
Foto: Voss Active

Det er òg mogleg å ta to-dagars grunnkurs i havkajakk eller elvepadling. 

Les meir: 8 aktivitetar du bør oppleve på Voss.

Fjellturar til fots og på hjul

Omkransa av fjell er det mengder av moglegheiter for å utfolde seg i den spektakulære naturen på og rundt Voss. Du kan til dømes bli med på guida tur til Oksen i Hardanger, der du blir møtt av ei panoramautsikt over fire armar av Hardangerfjorden.

Oksen
Foto: Outdoor Norway

Vil du heller sykle, fins det både guida sykkelturar og utleige av el- og vanlege syklar. Desse kan kombinerast med til dømes Bike&Hike ved Nærøyfjorden - ein tur som startar i Myrkdalen og som byr på både sykling og vandring i mektig naturlandskap der instamoments'a ligg i kø. 
 

8 aktivitetar du bør oppleve på Voss:
<% totalFilter %> filter applicerade

 

Mangfald av matskattar

Matkultur står sterkt på Voss og bygda på Vestlandet er kjend for nettopp dette. La deg freiste av denne videoen eller sjå vår oversikt over serveringsplassane med mest lokalmat på menyen: Lokalmat frå Voss, på Voss

 

 

Sov godt her

<% totalFilter %> filter applicerade