Vis hele bildet
Voss

Trugetur i Raundalen med Wild Voss

Trugeturen til Raundalen er ein glimrande måte å få seg ei frisk vinteroppleving i vakker fjellnatur - utan ski på beina. I området nær Mjølfjell har vi fleire turvariantar å velje mellom, så vi tilpassar turplanen til gruppas ønsker.

Raundalen ligg like aust for Voss, og er for mange ei ukjent perle. I dalbotnen renn den verna Raundalselvi, som snirklar seg gjennom trange juv og skogdekte myrar.

På våre trugeturar vil guiden gjerne hjelpe deg til å auke kunnskapen om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil lære å fyre bål med ein fyrstikk? Eller lage enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som vi ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs. Om du har lyst på ei utfordring og god utsikt, kan vi legge turen opp på ein av toppane i nærleiken. Om vêret er dårlig kan vi gå inn i peisestova på Mjølfjell Ungdomsherberge, fyre opp og få varmen i kroppen. På Ungdomsherberget held Voss Kaffibrenneri til, så vi kan love framifrå kaffi på denne turen.

​Guiden tek med lokal turmat som vi lagar på leirbålet. Bålkjelen gir varm drikke til alle. Hvis vêret er dårleg, går vi saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du oppdagar raskt at tida ved bålet gjev deg høve til å nyte skogens ro – fjernt frå kvardagen. ​

Krav til deltakarar
Dette er ein enkel og familievennleg tur. Turen passar for friske deltakarar som vil bruke litt tid ute i vinterfjellet. Turen går delvis i fjell terreng, så vêret kan være surt og kaldt. Du treng ikkje tidlegare erfaring frå trugeturar eller frå andre turar i vinterfjellet.

På turen trenger du følgende klede:
- Langt ullundertøy.
- Varme ullsokkar.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Varme, vasstette fjellstøvlar/vinterstøvlar.
- Lue.
- Hansker eller vottar.
- Solbriller om naudsynt.

Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks.

​Inkludert i prisen:
- Leiing av ein kompetent og lokalkjend guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på bål.
- Tilgang til peisestova på Mjølfjell Ungdomsherberge.
- Smaksprøve på kaffi frå Voss Kaffibrenneri.
- Truger, skistavar og snøbriller (goggles).
- Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokkar.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Togbillettar til og frå Ørneberget stasjon.

Gruppestorleik: 2-16 deltakarar. Merk: Vi må ha minst to påmelde for å gjennomføre turen.

For meir informasjon, sjekk ut nettsida, kontakt på tlf eller send ein epost.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Green travel

Map