Jubileumsåret 2023

Året 2023 er eit stort år for både skisentera våre, festivalane våre og folkemuseet vårt! Det er heile 5 av våre medlem som feirar jubileum i år, og det vil me visa fram. Me oppdaterer sida med meir informasjon når me får vite planane til dei ulike aktørane. 

 

Voss Resort feirar 75-årsdag! Det blei feira med ein skikkeleg jubileumsfest på Hangurstoppen fredag 20.01. Frå den første heisen blei satt opp i 1948 og fram til i dag har det vore ei enorm utvikling i resorten. I dag finn ein 11 heisar, inkludert gondolen, og 24 preparerte løyper. I tillegg er det både flotte områder rundt heisane for frikøyring og trakka langrennsløyper på Hangurstoppen. Om Voss Resort finn på nye arrangement under jubileumsåret må ein vare rask på å få det med seg, her blir det nemleg fort utselt! Følg med på kva som skjer hjå Voss Resort her! 

 

Ei som går langrennski i løypa oppe på Hangurstoppen
Hangurstoppen. Foto: Karoline Fosse

 

Myrkdalen fjellandsby feirar at det er 20 år sidan dei opna sitt første skitrekk i år, og i fjor var det 10 år sidan Myrkdalen Hotell opna. I dag har dei utvida til ni heisar og har 22 preparerte løyper. Myrkdalen er eit av Noregs mest snøsikre skisenter, så her har du nesten garanti på pudder. Dei to jubilea blei feira 12. og 17.desember 2022 med kjekke aktivitetar og ein god middag med gjestar. Elles skjer det mykje i Myrkdalen heile året, så me anbefaler å følgje med på sidene deira

 

Tre ungdommar køyrer alpinski i Myrkdalen.
Myrkdalen Fjellandsby. Foto: Sverre F. Hjørnevik

 

Voss Folkemuseum kan feire at det er 100 år sidan Mølstertunet blei freda av Riksantikvaren og at det er 95 år sidan museet opna. Mølstertunet står som eit monument for den lokale bondekulturen me hadde på Voss i gamle dagar. Garden er truleg frå vikingtida, og det er som å vandre i ei historiebok. Eldste huset er truleg frå 1500-talet! Planlegginga for markeringa har begynt, så her må ein berre følgje med framover!

 

Mølstertunet ein solskinnsdag
Voss Folkemuseum, Mølstertunet. 

 

Vossa Jazz skal feire at den 50.utgåva av jazzfestivalen går for seg i år. Programmet for festivalen er satt, og det er berre å setje av palmehelga for ei fantastisk kulturell oppleving! Det blir alt i frå internasjonale stjerner som Martha Wainwright og Trichotomy til lokale innslag frå Voss storband og Linda Eide. Ane Brun kjem også, og ho feirar sitt 20-årsjubileum som artist. Sjekk ut resten av programmet på Vossa Jazz sine sider! Her kjem det også oppdateringar om korleis jubileumsåret vil bli feira om litt, så følg med!

 

Eit jazzband spelar på Vossa Jazz
Vossa Jazz. Foto: Eirik Ryvoll Åsheim

 

Ekstremsportveko skal feire at årets festival blir den 25. i rekkja! Dette er den største ekstremsportfestivalen i heile verda, og det er alltid like spennande å sjå kva nye sprell som dukkar opp! I år vil det bli ei ekstra markering, og akkurat kva det blir får me vite i løpet av mars. Følg med her! Sjølv om dette er ein festival for ekstremsport, finn ein aktivitetar og arrangement som passar for alle. Artistlista brukar også å imponere kvart år, og i år slår på stortromma med artistar som Lemaitre. Gled dykk til årets råaste festival!

 

Fem fallskjermhopparar landar ved folkemengdene under opningsshowet til Veko.
Opningsshow under Ekstremsportveko. 

 

Ta med deg venar og familie til Voss for å feire alle jubilea våre! For meir inspirasjon til kva du kan finne på sjå den store Vossaguiden.