På sykkel rundt vangsvatnet
©Bike the Fjords

Vangsvatnet rundt

Dette er ei rute som går langs ei lett kupert asfaltløype på mindre trafikkert veg. Turen går gjennom mange gardstun, passerer små fossefall og har fleire attraksjonar langs vegen. Turen passar for dei over 10 år.

Ruteskildring
Turen startar ved Vangskyrkja og går på nordsida av Vangsvatnet i retning Bergen (langs E16). Frå Vangskyrkja følg du gang og sykkelvegen på høgre side av bilvegen. Etter om lag 250 meter passerer du Fleischer's Hotel og sykkelvegen fortset på venstre sida av vegen. Etter 1,1 km passerer du Voss Vandrarheim. Du kryssar i fotgjengarfeltet og tek inn på sykkelstien på høgre sida av vegen. Følg sykkelstien som først tek deg opp ein bakke, før han fortset parallelt med bilvegen (E16). Sykkelstien er skild frå vegen med kvit merking i kanten av vegbanen før du kjem inn på "gamlevegen", som følg terrenget gjennom gardstuna ovanfor bilvegen.

Etter 8 km når du enden av vatnet og her kryssar du elva Vosso. Ta til venstre rett over brua. Følg hovudvegen på sørsida av Vangsvatnet mot Voss sentrum.

Mot slutten av turen har du to alternativer;
Alternativ 1: Ta til venstre over Langebrua og fortset gjennom Uttrågata og du er straks tilbake ved Vangskyrkja.
Alternativ 2: Etter å ha passert avkøyrsla til Dagestadmuséet på høgre hand og kome til botn av bakken ved eit stort raudt hus, ta til venstre ned bakken og deretter sykle over elva Vosso via Tintrabrua. Her sykler du rett fram på grusvegen gjennom Prestegardsmoen. Ved utgangen av skogsparken passerer du Voss Friluftsbad på høgre hand. Fortset rett fram gjennom alléen og avslutt turen ved Vangskyrkja.

ATTRAKSJONAR LANGS RUTA
Bordalsgjelet
Bergslitræet i prestegardsmoen
Vangskyrkja

 

Tags
sykkelrute