Syklistar på Vikafjellet
Foto:
Magnus Furset, FjordNorway
Syklistar på veg forbi Nesheimstunet

Fem flotte turar på landevegssykkel

Som landevegssyklist får ein oppleve naturen tett på kroppen, samstundes som ein får skånsam trim av kropp og sjel. Ein får òg sett mykje av vårt langstrakte land på ein sykkeletappe. Midt i Vestland finn du Voss, ein perfekt stad for landevegssykling. Her kan du sykle fjell og fjord og kjente ruter som «Den grøne sløyfa». 

Visit Voss har tatt ein prat med lokal landevegssyklist Jørund Rong, for å få dei beste tipsa til årets norgesferie på to hjul. Voss har mykje variert natur, og ein slepp unna dei lange flate og kanskje litt kjedelege turane. Grusvegar er heller ikkje ei hindring på landvegssykkel, sjølv om mange kanskje unngår dette. Landevegsentusiasten meiner i alle fall ikkje det, han syklar mykje grus med landevegssykkel. Med litt trening, rett dekk og dekktrykk opnar dette for mange fleire turar. Her får du Jørund Rong sine favorittruter.

1. Tur/retur Ulvik.

Ein flott tur i fin natur, som nesten går utan trafikk. Ein har sykkelsti heilt til Holven, og turen over Ulvikahøgda er flott båe vegar. Heimtur med Skjervet er alltid ei fin oppleving. Tidsestimat: 3-4 timar. 

Jørund på tur i Ulvik
Jørund i Ulvik. Foto: Kjetil Isaksen

2. Den grøne sløyfa. 

Rundturen er ein vestlandsklassikar frå Evanger, via Teigdalen og Nesheimsfjellet og vidare gjennom Eksingedalen. Heimtur over Bergsdalen og Hamlagrø gjer runden komplett. Alternativt kan ein ta toget heim frå Dale, og ein er nøgd med halve ruta. Turen mellom Geitle og Evanger er trafikkutsett, elles går turen på fine småvegar med lite trafikk. NB: ein må ha ljos på sykkelen, då det er tunellar utan ljos på strekka mellom Eidslandet og Stamnes. Tidsestimat: 6-7 timar. 

Landevegssyklistar på veg opp skjerve
Stigninga opp Skjervet er ein klassikar og godt kjent for alle som har sykla Bergen-Voss. Foto. Rapha, FjordNorway

Jørund er svært aktiv i det lokale miljøet han har bl.a. bestetid opp Skjervet på 6min og 19sek, i lag med Sindre Hirth. Det er ei snittfart på 24 km/t. Om lag 3400 syklistar har loggført segmentet «Skjervet-stigning» på treningsapplikasjonen Strava. Han har også sykla det som vert rekna for verda sitt hardaste amatørritt, nemleg «Haute Route», i Dolomittane i Italia og gjorde det relativt godt der. Som den vestlendingen han er likar han best oppoverbakkane. Han fortel at han fekk nokre merkelege blikk den gongen han og ein kompis sykla opp Rallarvegen, på racersykkel.

 
3. Tur/retur Vik. 

Vår- og sommartur over Vikafjellet med kvite vidder, og so å koma ned til grøne bakkar i Vik, er alltid ein god ting. Turen har diverre strekk med mykje trafikk, spesielt kan E16 til Vinjo vera utfordrande. Dette lyt ein ta omsyn til. Det er ein kort tunell på Vikafjellet, og ein treng ljos på sykkelen, framme og bak. Tidsestimat: 4-5 timar. 

Utsikt over Vik, frå Vikafjellet
Utsikta når ein kjem ned mot Vik frå Vikafjellet. Foto. Magnus Furset, Fjord Norway

4. Lokal rundtur

Rundturen Tjukkabygdi, Kløve, Lemme, og retur via Tøn/Ygre, Almeland eller Nedkvitne er ein veldig fint lokal runde. Utsikta frå Lemme er verdt turen! Runden kan syklast båe vegar, med innlagt variasjon, til dømes ein tur forbi Nesheimstunet og opp til Tvinne. Tidsestimat: 1-2 timar. 

5. Herresåren rundt.

Ein lokal kort og fin runde, med nokre flotte bakkar å klatra. Eg likar denne best frå Lid og opp over Auro og Skulte, med retur på Bordalssida. Turen har eit kortare grusparti. Tidsestimat: 1-2 timar. 

Sykling på vikafjellet
Geir Ove Byrkje på Vikafjellet. Foto: Jørund Rong

 

Vestlandet og Voss kan vera utfordrande for mange, sjølv om ein har sykla mykje før. Her må ein slite seg oppover, men når du kjem til toppen er belønninga stor. Jørund har komme med eit par ekstra tips, til kva ein bør tenke på når ein skal ut på tur og korleis han sjølv planlegg ein tur. 

 
Tips til sykkelturen:
Grus som underlag er ikkje farleg. Opnar ein augo for å ta ein sykkeltur på ein stølsveg får ein plutseleg mange fleire ruter å utforske. 
Nødkit – Ta alltid med eit lite nødkit når du skal på langtur. Ein veit aldri når ein må fram med lappesakene eller multiverktøy. 
Sjekk Strava! På Strava kan du sjå kva som er dei mest populære turane, kvar lokalfolka syklar, høgdeprofil og mykje meir. Ved hjelp av GPS vert turar tilgjengeleg, og ein kan lasta ned rutene om ein vil.
Spør ein (ny) venn. Landevegssyklistar er opne og opptatt av fellesskap. Har du møtt nokon på eit ritt eller likande - spør om dei vil bli med på ein tur. Jørund har sykla mange plassar i Norge med kompisar han har møtt gjennom sporten og har sjølv blitt ringt opp av folk som skal gjennom Voss og ynskjer å bli med han på ein tur når dei er i bygda. 
Bilistar og syklistar: del vegen, ta omsyn til kvarandre.  

 

Landevegssykling er eit breitt uttrykk og det ligg mykje meir til sporten enn å hiva seg på ein sykkel. Jørund dreiv aktivt med langrenn og friidrett og byrja med sykling då han var 12, for å blir ein sterkare vinteridrettsutøvar. Han tok oppatt syklinga som vaksen og har sykla aktivt dei siste 10-12 åra. Har du akkurat byrja med landevegssykling eller ynskjer å testa sporten vil vi anbefale å sjå på nokre turar som er litt kortare og har litt snillare terreng. BikeTheFjords har både sykkelutleige, turbeskrivingar og tilbyr guida turar på fleire nivå. 

 

Jørund på grusveg, med racer
Jørund på grusveg, med racer. Foto: Kjetil Isaksen

 

Jørund kjem også med tre gode råd til dei som er heilt ny i sporten eller ynskjer å byrja med landevegssykling:
  1. Ta ting gradvis. Start med ein relativt enkelt sykkel, og ta kortare turar. Sykling krev spesifikk trening, og ein må ha nokre mil i beina og røynsle før ein kan leggja ut på langtur. 
  2. Ta med deg nokre vener, eller invitert deg sjølv med på tur. Sykling er sosialt, og ein lærer best og enklast av å sykla med røynde syklistar. Voss har aktive sykkelklubbar med fellestreningar. Ta kontakt med desse og finn deg eit miljø.  
  3. Legg inn kaffipause. Syklistar elskar kaffi. 
     

Guida turar, kurs og leigesykkel:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Fleire sykkelruter på Voss: